Gudbrandsdalen B2 Maria Jordet
Gudbrandsdalsbunad Maria Jordet er ein av fleire bunader frå dette området med vakkert broderi. Denne bunaden har eit broderi med små motiv, nokre er sett som en bord i nedkant av stakken og fleire spreidd oppover stakken mot livet. Maria Jordet-bunaden finst i svart eller blått, og i ein variant med damaskliv.
Bunadsområde:
Gudbrandsdalen (Oppland).
Detaljar
Stakk og liv
Bunaden har broderi på liv, stakk, men kan også ha damaskliv. Bunaden blir levert i svart eller blått toskafta bunadty eller klede, med brodert liv.
Skjorte
Det er ikkje eigen skjorte til Jordetbunaden, men dei broderte skjortene til Gudbrandsdalen eller bomullsskjorte med nuppereller kan brukast.
Ytterplagg
Kort jakke i toskafta bunadty eller klede i same farge som bunaden.
Hovudplagg
Lue med broderi.
Strømper
Svarte. Til blå bunad kan ein også bruke kvite.
Sko
Svarte bunadsko.
Sølv
Sølv til Gudbrandsdalen blir brukt til Jordetbunaden.
Tilbehør

207105 – Halssølje, oksidert

206105 – Halssølje, oksidert

125100 – Halssølje, oksidert med rosett

458100 – Gudbrandsdalsknappen, oksidert

900210 – Hårklype Nora stor, oksidert

900111 – Hårklype Oda, liten oksidert
