Råndastakk og rutaliv, jentebunad

Råndastakk og rutaliv har vore i bruk heilt frå 1830-åra, nord i Gudbrandsdalen og er blant dei mest brukte barnebunadene. Bunaden fekk namnet frå ordet ”rånd” som betyr stripe. Den har tradisjonelle stoff i ruter og striper, og kan brukast med det ein sjølv ønskjer av tilbehør for å gjere den meir personleg. Råndastakken er enkel i bruk og kan endrast i takt med at barnet veks.

Råndastakk og rutaliv blir levert ferdig på storleik og er lagervare i våre butikkar i Arbeidergata 1 og på Glasmagasinet.

Storleik: 2, 4, 6, 8, 10, 12 og 14 år.

Bunadsområde: Gudbrandsdalen (Oppland).

Stikkord: Jentebunad, barnebunad.

Detaljar

Stakk og liv

Overdelen er laga i raudrutet ullstoff som er fôra med baskerlin. Skjørtet er av stripet ullstoff. Midt på skjørtet er det ein pressabrett, lenger nede på skjørtet er opplegget lagt inn i ein fold. I midja er skjørtet foldelagt heile vegen rundt.

Bunaden kan enkelt bli justert 1-2 storleikar ettersom jenta veks.
På overdelen er det lagt inn ekstra sømsmonn i sidesaumar og på skuldre. Skjørtet kan ein justere både i lengda og i midja.

Forkle

Stripete forkle i svart ull eller kvit bomull blir brukt.

Hovudplagg

Stivatørkle, kvitt skaut.

Skjorte

Skjorte er laga i kvit bomull og har nupereller på krage og mansjettar.

Sølv

Ein kan bruke barnesølv som ikkje har tilknyting til området, eller dei minste søljene frå Gudbrandsdalen. Sjå under.

Ytterplagg

Det kan brukast ullsjal.

Strømper

Svarte, raude eller kvite.

Sko

Svarte bunadsko.