Hardanger damebunad, lilla liv

Hardangerbunad er kanskje den mest kjende bunaden vi har i landet. I ein lengre periode var Hardangerbunaden nærmast eit nasjonalsymbol og blei brukt av mange rundt om i Noreg. Bunaden er framleis populær og gir stor fridom i val av tilbehør som kjem i mange variantar.

Hardangerbunaden har eit liv med ein brei rygg som går langt opp mot nakken, i front er livet skore ned mot midja og har eit lite hakk som er skore ut mot skuldra. Opninga i livet ned mot midja gir rom for den flotte bringeduken. Både i stakk og liv kan ein velje mellom fleire typar material og stoff.

Sjå også:
Hardangerbunad med rødt liv
Hardangerbunad med grønt liv

Bunadsområde:
Hardanger
Hordaland

Detaljar

Stakk og liv

Stakken er alltid svart, men kan leverast i bunadty, biba eller drapé. Livet kjem i raud klede, raud, lilla eller grøn damask. Den raude, lilla og grøne damasken kjem i forskjellige nyansar og mønster.

Forkle

Forkleet er i kvit lin eller i kvit eller blomstret bomull. Kvit forkle har eit innfelt stykke i hardangersaum. Her kan ein velje mellom ei rekke bordar med variasjon i dei broderte motiva.

Skjorte

Det er eigen skjorte med broderte mansjettar, krage og bringelist i hardangersaum. Her er det også fleire å velje mellom.

Bringeduk og belte

Bringeduk og belte kan vere brodert med perler, korssting eller smøyg. Heimen leverer fleire variantar og fargekombinasjonar. Ein kan også bruke fangband til Hardangerbunaden, det vil seie broderte band som heng rett ned frå livet midt framme. Både belte og fangband kan vere på raudt skinn eller stoff med forgylt sølv.

Hodeplagg

Roggeband (hårband) til ugift kvinne eller skaut til gift kvinne.

Ytterplagg

Svart cape med raudt fór og tittekantar.

Strømper

Svarte strømper.

Sko

Svarte bunadsko.

Bunadsølv

Det er eige sølv til Hardangerbunaden.

Tilbehør

110600 – Sølje med raud stein, forgylt
146600 – Sølje, forgylt
147600 – Sølje med raud stein, forgylt
195600 – Sølje, forgylt
196600 – Sølje med raud stein, forgylt
248501 – Sølje med trådkantlauv, kvit/forgylt
124507 – Halssølje med raud stein, kvit/forgylt
125500 – Halssølje med rosett, kvit/forgylt
127505 – Halssølje, kvit/forgylt
002506 – Beltespenne med syhol, forgylt/kvit
002596 – Beltespenne til skinnlist, forgylt/kvit med kruser
002597 – Spenner til skinnlist med raud stein, forgylt/kvit
003506 – Capespenne, forgylt/kvit
003507 – Capespenne med raud stein, forgylt/kvit
011600 – Beltespenne med syhol, forgylt
012600 – Beltespenne med syhol, forgylt
013600 – Beltespenne med syhol, forgylt
013691 – Beltespenne til skinnlist, forgylt
021100 – Skospenne, oksidert
026100 – Skospenne, oksidert
045596 – Borer til skinnlist med kruse, forgylt/kvit
050613 – Borenåler med lang stift, forgylt/kvit
051600 – Borenåler, forgylt
057506 – Borenåler med kruser, forgylt/kvit
057507 – Borenåler med raud stein, forgylt/kvit
307400 – Breikjede, kvit
311502 – Liten dalar med lauv, forgylt/kvit
311507 – Liten dalar med raud stein, forgylt/kvit
071400 – Mansjettknappar, kvit
071500 – Mansjettknappar, kvit/forgylt
072400 – Mansjettknappar, kvit