Hardanger jentebunad

Hardangerbunaden er kanskje den mest kjende bunaden vi har i landet. I ein lengre periode var Hardangerbunaden nærmast eit nasjonalsymbol og blei brukt av mange rundt om i Noreg.

Bunadsområde: Hardanger, Vestland, (Hordaland).

Stikkord: Jentebunad, barnebunad, bunad.

Detaljar

Liv og stakk

Stakken er i svart ullstoff. Livet kjem i raud klede.

Forkle

Forkleet er i kvit lin eller bomull med eit innfelt stykke i hardangersaum.

Skjorte

Til barnebunaden er det vanleg å velje bunadsskjorte i bomull med nuppereller.

Bringeduk og belte

Belte og bringeduk kan vere brodert med perler, korssting eller smøyg. Heimen Husfliden leverer fleire variantar og fargekombinasjonar.

Hovudplagg

Kyse/lue med perler eller «roggeband» (hårband).

Ytterplagg

Svart cape med raudt fór og tittekantar.

Strømper

Det er vanleg med svarte strømper til Hardangerbunad. Jenter kan også bruke raude eller kvite strømper.

Sko

Svarte bunadsko.

Bunadsølv

Det er eige sølv til Hardangerbunaden. Sjå under.