Indre Nordhordland herrebunad

Nordhordland-bunaden har røter til første delen av 1800-talet. Jakka har utgangspunkt frå den gamalnorske kofta. På slutten av 1860-åra blei bunaden lagt bort, men i 1920-åra vart den teken fram igjen, og endra til slik den ser ut i dag. Buksa er det ikkje skrive så mykje om, men på 1800-talet var det vanleg å ha kort lukebukse.

Indre Nordhordland har ein anna utsjånad på lommeklaffane på jakke og vest. I tillegg har vesten stikningar på krage og ikkje kanteband i front på vesten.

Bunadsområde: Indre Nordhordland (Hordaland).

Stikkord: Herrebunad, mannsbunad.

Detaljar

Jakke og bukse

Open, kort jakke med slag og ståkrage i svart klede. Jakka er kanta med grøne ullband rundt krage, slag og framkant, og på lommeklaff. Ein kan velje knebukse eller lang bukse med lukeopning i svart ullklede.

Vest

Dobbeltspent vest med ståkrage i raudt ullklede med dobbel innfelling av grønt ullklede i front. Ryggen er i ubleikt bomullslerret. Vesten er kanta med grøne ullband på krage, i framkant og nede på vesten der det er raudt ullklede.

Skjorte

Kvit skjorte i bomull med broderi i lin, eller kvit skjorte i bomull eller lin utan broderi.

Strømper

Kvite mønsterstrikka strømper, kan fåast til knebuksa. Både handstrikka og maskinstrikka.

Sko

Svarte bunadsko.

Sølv

Knappar i tinn eller sølv, samt anna bunadsølv frå området. Sjå under.

Anna tilbehør

Hatt og skjerf er valfritt, mens hoseband og bukseselar ofte er nødvendige for å halde bukse og strømper oppe.