Kvam herrebunad

Kvambunaden er detaljrik med broderi på vesten, den svarte jakka og den svarte buksa.

Bunaden er ein av de mange variantane frå Hardanger. Felles for Hardangerbunadene er at dei tar utgangspunkt i draktskikken frå midten av 1800-talet. Bunaden frå Kvam blei tatt i bruk så tidleg som 1920-30-talet.

Bunaden kan også leverast til gut.

Bunadsområde: Kvam, Hardanger, Vestland.

Stikkord: Herrebunad. mannsbunad.

 

Detaljar

Jakke

Open, lang, fóra jakke med ståkrage og slag i svart ulldrapé eller klede. Den har to innvendige lommer og to sidelommer og tre opne splittar i ryggen. Jakka er kanta med grøn bise rundt kragen. Rundt krage, slag, framkant, nedkant, lommeklaffar, ermsplittar og ryggsplittar er det broderi i gul og grøn prydsaum.

Bukse

Ein kan velje mellom to ulike bukser:
Langbukse med knappegylf i svart ulldrapé eller klede. Den har to legg framme, to sidelommer og to baklommer.
Knebukse med knappegylf i svart ulldrapé eller klede. Den har to legg framme, to sidelommer, to baklommer og knesplitt med spenne. Knelinningen og brokøyre har broderi i gul og grøn prydsaum.

Vest

Raud eller grøn vest.

Skjorte

Skjorte utan broderi i lin eller bomull.

Strømper

Kvite mønsterstrikka strømper, kan fåast både handstrikka og maskinstrikka.

Sko

Svarte bunadsko

Sølv

Halsknapp og mansjettknappar i tillegg til knappane som blir sydd på bunaden. Bunaden leverast med knappar i tinn eller sølv.

Anna tilbehør

Hatt og skjerf er valfritt, medan hoseband og bukseselar ofte er naudsynte for å halde bukse og strømper oppe.