Lundeby damebunad

Lundebybunaden blei utarbeidd i 1932 av kunstmålaren Alf Lundeby som budde på Lillehammer. Han teikna denne bunaden til ei venninne som fylte 50 år. Fasongen på bunaden er den same som til rondastakken.

Lundebybunad B9 har ei bølgjande bord med tilknytte blomster nede på stakken og mindre blomstermotiv oppover. Livet er i same stoff som stakken, med broderi som også går igjen på lue og veske. Lundebybunaden kjem i tre fargar; svart, blå eller naturkvit, som ein står fritt til å velje blant.

Lundeby var fødd på Tøråsen i Våler i Solør, og mange frå dette distriktet bruker denne bunaden.

Bunadsområde: Gundbrandsdalen (Oppland), Våler i Solør (Hedmark).

Stikkord: Kvinnebunad, damebunad.

Detaljar

Stakk og liv

Både stakk og liv er i klede med broderi og kjem i svart, blå eller naturkvit

Hovudplagg

Lue i same farge og stoff som bunaden

Skjorte

Det er ikkje utarbeidd eigen skjorte til Lundebydrakta, men ei bomullsskjorte med nuppereller er vanleg å bruke til

Strømper

Svarte, ein kan også bruke kvite til den blå og kvite bunaden

Sko

Svarte bunadsko

Sølv

Gudbrandsdalsølv