Nordmøre herrebunad

Nordmøre Ungdomslag har rekonstruert mannsbunaden, med god hjelp frå enkeltpersonar og andre lag på Nordmøre. Bunaden bygger på draktmateriale frå første halvdel av 1800-talet. I tillegg til dei ulike plagga som er funne på Nordmøre, har gamle skrivne og fotografiske kilder vore til nytte under arbeidet med rekonstruksjonen. Bunad- og folkedraktrådet konkluderte med at alle delane på bunaden var svært godt kopiert frå dei gamle originalplagga. Sjå detaljar om bunaden under.

Til Nordmørsbunaden er det bronseknappar.

Bunadsområde: Nordmøre (Møre og Romsdal).

Stikkord: Herrebunad, mannsbunad.

Detaljar

Jakke

Open jakke med ståkrage og slag i blå vadmel. Ryggen er lengre enn det jakka er framme.

Bukse

Ein kan velje mellom knebukse og lang bukse med lukeopning i blå vadmel.

Vest

Dobbeltspent raud vest med ståkrage og slag i vadmel eller raud/kvit ulldamask. Baskerlin i rygg.

Skjorte

Brodert kvit skjorte i lin eller kvit skjorte i bomull og lin utan broderi.

Strømper

Kvite mønsterstrikka strømper. Fåast både handstrikka og maskinstrikka.

Sko

Svarte bunadsko.

Sølv

Det er eige sølv til bunaden. Sjå under.

Anna tilbehør

Det er vanleg å bruke hatt og skjerf til bunaden, og hoseband og bukseselar er ofte nødvendige for å halde bukse og strømper oppe. Under lukeopninga på buksa blir det festa eit svart belte der også bunadskniven blir festa.