Østerdal herrebunad

Bunaden blei ferdigstilt av bunadskomiteen i Elverum Husflidslag i 1986, og er ein nøyaktig rekonstruksjon av plagg frå ca. 1830–40. Kleda som blei kopiert er utstilt på Tynset Bygdemuseum, Glomdalsmuseet og Norsk Folkemuseum. Jakka og buksa er frå Tynset, vesten er frå Os.

Bunadsområde: Østerdal.

Detaljar

Jakke og bukse

Open, kort jakke med ståkrage i svart klede. Knebukse med lukeopning i svart klede.

Vest

Dobbeltspent vest med ståkrage i rust eller grønt ullstoff. Stoffet er med svart trykkmønster. I ryggen er det svart ullstoff.

Skjorte

Kvit linskjorte med kvitt broderi, eller kvit skjorte i bomull utan broderi.

Strømper

Kvite med mønsterstrikk.

Hovudplagg

Østerdalslue.

Sko

Svarte bunadsko.

Sølv

Det er eige sølv til bunaden. Sjå under.

Anna tilbehør

Hatt og skjerf er valfritt, mens hoseband og bukseselar ofte er nødvendige for å halde bukse og strømper oppe.

Tilbehør

457100 – Halsknapp, oksidert
217106 – Halsknapp til Østerdalsbunad, oksidert
882123 – Østerdalen halssølje med stolpe, oksidert
882100 – Østerdalen halssølje, oksidert
074100 – Mansjettknappar, oksidert
580800 – Knapp 17 mm, messing
580100 – Knapp 17 mm, oksidert
581800 – Knapp 22 mm, messing
581100 – Knapp 22 mm, oksidert
335100 – Klokkekjede, oksidert
360100 – Bunadskniv Ola
566100 – Bunadskniv «Staskaren»
558100 – Bunadskniv «Vangsguten»
558101 – Bunadskniv «Vangsguten» med graveringsfelt
021100 – Skospenne, oksidert