Østerdal - Marie Aaen Grøn Ø48 damebunad

Østerdalsbunaden Marie Aaen kom til etter ei konkurranse om festbunad for Nord-Østerdal på 1940-tallet.   Ø48 har broderi etter rosemåling frå Olenstua i Alvdal.

Bunaden har broderi på liv og stakk, lue og veske. Livet er langt og formsydd slik at det går inn i livet, men utanpå stakken. Stakken har ein brei kant nede og broderi ovanfor denne kanten. Broderiet er organisk i utforming og går i raudtonar og grønt.

Østerdalsbunad Marie Aaen finnast også i svart.

Detaljar

Stakk og liv

Stakk og liv blir laga i toskafta bunadty. Bunaden er grøn eller svart, den grøne har svarte kantar og den svarte har grøne kantar

Forkle

Til den svarte bunaden er det svart, ruta forkle, til den grøne er det svart silke- eller ullforkle med broderi

Hovudplagg

Det er to luer; høglue eller honnlue. Høglua har svart brem og grøn rynka pull, det er forskjellige broderi til den svarte og grøne bunaden. Honnlua er svart og sit tettare til hovudet, den har broderi og er lik til begge fargane av bunaden

Skjorte

Maria Aaen bunaden har eigen linskjorte med kvitt broderi

Strømper

Svarte

Sko

Svarte bunadsko

Sølv

Østerdalsølv

Tilbehør

879100 – Sølje, oksidert
882123 – Halssølje med stolpe, oksidert
021100 – Skospenne, oksidert
073100 – Mansjettknappar, oksidert
074100 – Mansjettknappar, oksidert
755100 – Mansjettknappar med botn, oksidert
761100 – Mansjettknappar, oksidert
398100 – Sikringslenkje til veskelås, oksidert
399400 – Veskelåshempe, kvit
527100 – Veskelås, plett oksidert
537100 – Veskelås i plett, oksidert
361100 – Bunadskniv Kari
559101 – Bunadskniv Vangsjenta med graveringsfelt
335100 – Klokkekjede, oksidert
346100 – Klokkekjede dame, oksidert
394000 – Lommeur dame, sølv
900110 – Hårklype Oda
900111 – Hårklype Oda, liten oksidert
900210 – Hårklype Nora stor, oksidert
900310 – Hårklype Emma, stor oksidert
736111 – Øyrepynt, oksidert