Østerdal - Marie Aaen Grøn Ø48 damebunad
Østerdalsbunaden Marie Aaen Ø48 kom til etter ei konkurranse om festbunad for Nord-Østerdal på 1940-tallet. Bunaden har broderi etter rosemåling frå Olenstua i Alvdal.
Bunaden har broderi på liv og stakk, lue og veske. Livet er langt og formsydd slik at det går inn i livet, men utanpå stakken. Stakken har ein brei kant nede og broderi ovanfor denne kanten. Broderiet er organisk i utforming og går i raudtonar og grønt.
Østerdalsbunad Marie Aaen finnast også i svart.
Bunadsområde: Østerdal (Hedmark).
Stikkord: Damebunad, kvinnebunad.
Detaljar
Stakk og liv
Stakk og liv blir laga i toskafta bunadty. Bunaden er grøn eller svart, den grøne har svarte kantar og den svarte har grøne kantar
Forkle
Til den svarte bunaden er det svart, ruta forkle, til den grøne er det svart silke- eller ullforkle med broderi
Hovudplagg
Det er to luer; høglue eller honnlue. Høglua har svart brem og grøn rynka pull, det er forskjellige broderi til den svarte og grøne bunaden. Honnlua er svart og sit tettare til hovudet, den har broderi og er lik til begge fargane av bunaden
Skjorte
Maria Aaen bunaden har eigen linskjorte med kvitt broderi
Strømper
Svarte
Sko
Svarte bunadsko
Sølv
Østerdalsølv