Østfold mannsbunad med blå jakke

Østfoldbunaden for herrar blei laga for første gang på 1960-tallet. Bunaden har gjennom mange år vore revidert fleire gonger og arbeidet blei først avslutta på 1990-tallet.

Østfoldbunaden for menn er staseleg med lang blå jakke (eller kvit) i vadmel med turkise kantar. Vest i smale eller breie striper eller i kalemank og svarte bukser.

Her blir det brukt ein høgare hatt som liknar ein flosshatt, kvite strømper, skjerf og hoseband. Ein kan også velje anna ekstra-tilbehør som kniv og klokke.​

Bestill time for måltaking

Detaljer

  • Jakke

    Jakka er lang, open utan fór, med ståkrage i blå vadmel. Jakka er kanta med turkise ullband.

  • Bukse

    Knebukse med lukeopning i svart klede. Den har to sidelommer, knesplitt og knelinning med spenne.

  • Vest

    Vesten er dobbelspent med slag og ståkrage i raud- og grønstripete ullstoff. Ein kan velje mellom smalstripete eller breistripete vest eller i kalemank.

  • Strømper

    Kvite mønsterstrikka strømper, kan fåast i både handstrikka og maskinstrikka.

  • Sko

    Svarte bunadsko.

  • Sølv

    Det er eige sølv til bunaden.

  • Anna tilbehør

    Hatt og skjerf er valfritt, medan hoseband og bukseselar ofte er nødvendige for å halde bukse og strømper oppe.