Østfold med kvit jakke

Østfoldbunaden for menn blei laga for første gang på 1960-tallet. Bunaden har gjennom mange år vore revidert fleire gonger og arbeidet blei først avslutta på 1990-tallet.

Østfoldbunaden er staseleg med lang kvit (eller blå) jakke i vadmel med grøne kantar. Vest i smale eller breie striper eller i kalemank og svarte knebukser.

Her blir det brukt ein høgare hatt som liknar ein flosshatt, kvite strømper, skjerf og hoseband. Ein kan også velje anna ekstra-tilbehør som kniv og klokke.​

Detaljar

Jakke

Jakka er lang, open utan fór, med ståkrage i naturkvit vadmel. Jakka er kantet med grøne ullband.

Bukse

Knebukse med lukeåpning i svart klede. Den har to sidelommer, knesplitt og knelinning med spenne.

Vest

Vesten er dobbelspent med slag og ståkrage i rød og grønnstripet ullstoff. Man kan velja mellom smalstripet eller bredstripet vest eller i kalemank.

Strømper

Kvite mønstertsrikka strømper, fåast i både håndstrikka og maskinstrikka.

Sko

Svarte bunadsko.

Sølv

Det er eige sølv til bunaden.

Anna tilbehør

Hatt og skjerf er valfritt, mens hoseband og bukseselar ofte er nødvendige for å halde bukse og strømper oppe.