Gudbrandsdalen Råndastakk, damebunad

Råndastakk frå Gudbrandsdalen har ei enkel form med tradisjonelle stoff som er stripa og rutet. Det er eit stort utval av tilbehør å velje frå som gir Råndastakken rom for mange mogelege variasjonar. Den har som namnet tilseier ein stripete (rånda) stakk og rutete liv. Det er også mulig å bruke eit damask-liv til den stripete stakken.

Bunadsområde: Gudbrandsdalen (Oppland).

Stikkord: Damebunad, kvinnebunad, stakk.

Detaljar

Stakk og liv

Stakk og liv er ei blanding av ull og bomull. Dersom ein vel damaskliv, er dette i ull.

Forkle

Det blir brukt stripete svart forkle i ull, blomstrete forkle i silke eller ull, eller svart brodert silkeforkle.

Skjorte

Bomullsskjorte med nuppereller eller linskjorte med nedbretta krage. Til Råndastakk finnast også ensfarga, blomstrete eller rutete skjorter i silke eller bomull.

Hovudplagg

Stivatørkle (kvitt skaut) eller botthuve (lue i småmønstra silkedamask).

Ytterplagg

Kort jakke eller cape i klede. Ein kan også bruke ullsjal.

Strømper

Svarte strømper.

Sko

Svarte bunadsko.

Sølv

Gudbrandsdalsølv (sjå under).