Rogaland herrebunad

Rogalandsbunaden Heimen sin modell for herre byggjer på gamle draktdelar og kjelder frå 1800-talet, og som er å sjå på Stavanger Museum.
Både bukse og jakke er svarte med tittekantar. Denne bunaden blir personlig ved at ein sjølv vel fargar i vest og skjerf.

Bunadsområde:
Rogaland

Detaljar

Jakke og bukse

Open jakke i ulldrapé eller klede. Jakka er kanta med raude ullband. Knebukse med lukeopning i svart ulldrapé. Raude biser rundt lukeopning, i sidesaumane, rundt knesplitt og knelinning.

Vest

Dobbeltspent vest med slag og ståkrage i brokade. Baskerlin i rygg. Ein kan velje mellom ulike brokadestoff.

Skjorte

Brodert kvit skjorte i lin, eller kvit skjorte i bomull eller lin utan broderi.

Strømper

Kvite mønstertstrikka strømper, fåast i både håndstrikka og maskinstrikka.

Sko

Svarte bunadsko.

Sølv

Halsknapp og mansjettknappar i tillegg til knappar på bukse, vest og jakke.

Anna tilbehør

Hatt og skjerf er valfritt, mens hoseband og bukseselar ofte er nødvendige for å halde bukse og strømper oppe.

Tilbehør

122100 – Halssølje, oksidert
125100 – Halssølje med rosett, oksidert
135100 – Rogaland halssølje, oksidert
468100 – Halssølje, oksidert
084100 – Knapp 17 mm, oksidert
085100 – Knapp 19 mm, oksidert
086100 – Knapp 16 mm, oksidert
087100 – Knapp 19 mm, oksidert
659100 – Rogaland knapp 15 mm, oksidert
660100 – Rogaland knapp 19 mm, oksidert