Romerike L40 damebunad

Romeriksbunad L40 blei utarbeida av Heimen i samarbeid med Borghild Tranum Røer i åra 1936 - 40.

Ein kan velje om ein vil ha brodert ryggrose på ryggen eller om ein vil ha brodert belte.

Romeriksbunaden L40 har ei brodert bord i gultonar nede på stakken og på forkleet, og livet har tilsvarande broderi.

Bunadsområde: Romerike.

 

Detaljar

Stakk og liv

Stakk og liv er i toskafta bunadty og kjem i fargane blå, raud, blågrøn, skarp grøn og mørk grøn

Forkle

Ein kan ha forkle i same stoff som stakken med broderi, linbatist (tynt og lett linstoff) med broderi eller eit linforkle med brunt trykk.

Skjorte

Heimen har utabeid to forskjellige skjortemønstre til denne bunaden. Linskjortane har same snitt med innfelling på skuldra og rynka hals. Kvit broderi på hals og armlinningar.

Ytterplagg

Kort jakke i same farge som bunaden eller lang cape; capen er svart til raud bunad og same farge som bunaden på dei andre alternativa. Bunadsjal i same farge som bunaden.

Hovudplagg

Høglue med ein stor brodert pull eller ei hettelue med broderi

Strømper

Kvite til raud bunad, kvite eller svarte til dei andre fargane.

Sko

Svarte bunadsko.

Sølv

Det er utarbeidd eige sølv frå Romerike

Historie

Omrisset på livet er tatt etter ei gammalt liv frå Romerike frå omkring 1760-1780 åra. Mønsteret på lue er tatt etter ei gamal lue frå Romerike frå omkring same tid. Broderiet på bunaden er etter ei gammal raud bunadsveske med gyllent silkebroderi frå Ullensaker som er frå ca 1770 – 80-åra. Veska på dagens bunad er nesten identisk med den gamle. Broderiet til bunaden er utarbeidd av Ivar Klæbo etter lomma frå Ullensaker. Ein kan velje om ein vil ha brodert ryggrose på ryggen eller om ein vil ha brodert belte.

Tilbehør

ESP 101 – Sølje stor, oksidert
ESP 120 – Sølje stor, forgylt
ESP 102 – Sølje mellomstor, oksidert
ESP 122 – Sølje mellomstor, forgylt
ESP 123 – Sølje liten, forgylt
ESP 103 – Sølje liten, oksidert
ESP 166 L – Sjalhekte med kjede, oksidert
ESP 169 – Sjalhekte m/kjede, forgylt
ESP 13 – Capehekte, oksidert
ESP 106 – Livhekte, oksidert
ESP 132 – Capespenne, forgylt
ESP 126 – Livhekte, forgylt
ESP 293 – Klokkekjede dame, messing
ESP 292 – Klokkekjede, dame
ESP 198 – Veskelåssikring, oksidert
ESP 199 L – Veskelåssikring, forgylt
ESP 301 – Veskelås, plett
ESP 303 – Veskelås til Romriksbunad, 925S
ESP 302 – Veskelås, messing
ESP 125 L – Mansjettknapp, forgylt
ESP 105 – Mansjettknappar, oksidert
ESP 131 L – Beltespenne, forgylt
ESP 117 – Spenne, oksidert
ESP 130 L – Beltestøl, forgylt
ESP 114 – Veskestøl, oksidert
ESP 115 – Beltestøl, oksidert
ESP 170 L – Kniv- og nøkkeloppheng, forgylt
ESP 167 – Kniv- og nøkkeloppheng, oksidert
ESP 165 L – Nøkkelsett, oksidert
ESP 172 – Nøkkelsett, forgylt
ESP 284 L – Nøkkelsett, forgylt bronsje
ESP 195 – Hårspenne, forgylt
ESP 180 – Hårspenne oksidert
ESP 283 L – Nøkkelsett, forsølvet bronsje
ESP 109 L – Armring, oksidert
ESP 197 L – Armring, forgylt
ESP 168 L – Romerikskniv dame, forgylt
ESP 159 L – Romerikskniven, dame
ESP 311 L – Lommeur dame
ESP 313 L – Lommeur dame, forgylt
ESP 153 – Øyrepynt jente, forgylt
ESP 158 L – Øyrepynt, forgylt
ESP 157 L – Øyrepynt, oksidert
ESP 127 L – Øyrepynt med heng, liten
ESP 128 L – Ørepynt stor, forgylt
ESP 108 – Øyrepynt stor, oksidert
ESP 107 – Øyrepynt liten, oksidert
ESP 118 – Ring, oksidert
ESP 124 L – Ring, forgylt
ESP 204 – 17. mai sløyfe Romerike, forgylt
ESP 203 – 17. mai sløyfe Romerike, oksidert