Romerike L46 damebunad

Bunaden er utarbeidd av Heimen i samarbeidd med Borghild Tranum Røer i 1942-46. Broderiet på bunaden er etter eit ”skaberakk” (hesteteppe) frå Enebakk frå 1730 åra. Hesteteppet er nå på Norsk Folkemuseum. Snittet på livet er kopiert etter ei gammal trøye frå Sørum frå 1760-70 åra med skjøter og klokkeopning framme på livet. Mønsteret på lua er etter ei gamal lue frå Sørum, frå 1770 åra. Livet er modellert av Andrea Kjærvik, tidlegare sjef på systova vår. Broderiet på stakken er einsfarga og ligg som ein bord nedst. Nokre av motiva i borden er ganske store og kjem derfor eit stykke opp på stakken. Denne bunaden kjem i forskjellige fargekombinasjonar. Stoffet til det trykte forkle var i utgangspunkt frå ein silkekjole (brudekjole) frå Romerike slutten av 1700 tallet. Forkle i linbatist vart utarbeidd på Heimen i 1950 åra.

Bunadsområde:
Romerike (Akershus)

Detaljar

Stakk og liv

Stakk og liv blir sydd i toskaftet bunadty. Ein kan velje mellom tofarga eller einsfarga bunad, den tofarga har raudt liv og blågrøn stakk, den einsfarga er raud, blågrøn, skarp grøn eller mørk grøn

Forkle

Linforkle med brunt, blomstra trykk eller brodert linbatist (tynt og lett linstoff)-forkle

Skjorte

Heimen har utarbeidd to forskjellige broderte linskjorter med kvitt broderi – L1 og L2. Skjortane har same snitt med innfelling på skuldra og rynka hals. Broderi på hals og ermlinningar.

L1: Prydsaumen «tamburesaum» (kjedesting) og grunnsaum. Mønsteret er teke etter eit gamalt «kast» med rikt broderimønster frå 1750 åra.

L2: Broderiet er utarbeidd etter treskud funnet i Ullensaker.

 

Ytterplagg

Lang cape som er svart til raud bunad eller same farge som bunaden. Bunadsjal i same farge som bunaden.

Hovudplagg

Brodert lue i same farge som livet

Strømper

Kvite til raud bunad, kvite eller svarte til dei andre fargane

Sko

Svarte bunadsko

Sølv

Det er utarbeidd eige sølv frå Romerike

Tilbehør

ESP 120 – Sølje stor, forgylt
ESP 101 – Sølje stor, oksidert
ESP 122 – Sølje mellomstor, forgylt
ESP 102 – Sølje mellomstor, oksidert
ESP 103 – Sølje liten, oksidert
ESP 166 L – Sjalhekte med kjede, oksidert
ESP 169 – Sjalhekte m/kjede, forgylt
ESP 13 – Capehekte, oksidert
ESP 106 – Livhekte, oksidert
ESP 132 – Capespenne, forgylt
ESP 126 – Livhekte, forgylt
ESP 293 – Klokkekjede dame, messing
ESP 199 L – Veskelåssikring, forgylt
ESP 301 – Veskelås, plett
ESP 303 – Veskelås til Romriksbunad, 925S
ESP 302 – Veskelås, messing
ESP 125 L – Mansjettknapp, forgylt
ESP 105 – Mansjettknappar, oksidert
ESP 131 L – Beltespenne, forgylt
ESP 170 L – Kniv- og nøkkeloppheng, forgylt
ESP 165 L – Nøkkelsett, oksidert
ESP 195 – Hårspenne, forgylt
ESP 283 L – Nøkkelsett, forsølvet bronsje
ESP 109 L – Armring, oksidert
ESP 197 L – Armring, forgylt
ESP 168 L – Romerikskniv dame, forgylt
ESP 159 L – Romerikskniven, dame
ESP 311 L – Lommeur dame
ESP 313 L – Lommeur dame, forgylt
ESP 153 – Øyrepynt jente, forgylt
ESP 158 L – Øyrepynt, forgylt
ESP 157 L – Øyrepynt, oksidert
ESP 127 L – Øyrepynt med heng, liten
ESP 128 L – Ørepynt stor, forgylt
ESP 108 – Øyrepynt stor, oksidert
ESP 107 – Øyrepynt liten, oksidert
ESP 118 – Ring, oksidert
ESP 124 L – Ring, forgylt