Sigdal-Eggedal-Krødsherad - Hoffart I 2C
Hoffartbunaden er ein av bunadene frå Sigdal/Eggedal/Krødsherad i Buskerud som har fleire ulike broderi. Felles for dei alle, er at dei er tett broderte heile vegen rundt stakken med eit blad- og blomstliknande motiv. Alle broderia vert dominerte av raudt med andre fargar innimellom. Både livet og stakken kjem i ulike fargealternativ.
Bunadsområder:
Sigdal-Eggedal (Buskerud)
Krødsherad (Buskerud)
Detaljar
Stakk og liv
Dei sju ulike stakkane kjem alle i blått eller svart toskafta bunadty. Dei ulike stakkane frå Sigdal/Eggedal er: Hunstad, Hoffart, Grenskogen, Båssum og Lien. Frå Krødsherad har vi stakkane: Krylling og Snersrud. Det høyrer med brodert veske til bunadene med langt liv, til dei korte liva har bruk av veske variert.
Forkle
Det er ulike broderte forkle i høve til stakken de høyrer til. Til dei korte liva kan det også brukast mønstra ullmusselinsforkle.
Skjorte
Det er fleire ulike skjorter å velje blant, både med kvitt eller kulørt broderi.
Hovudplagg
Det høyrer med broderte huver til alle stakkane.
Veske
Svart veske med kulørt broderi.
Ytterplagg
Tofarga raud og kvit ulldamask-cape som skal vaterast, eller jakke med broderte kantar.
Strømper
Svarte.
Sko
Svarte bunadsko.
Sølv
Det er eige sølv til Sigdal/Eggedal/Krødsherad bunadene.
Tilbehør

138100 – Sølje, oksidert

198101 – Sølje med trådkantlauv, oksidert

199101 – Sølje med trådkantlauv, oksidert

131100 – Halsring, oksidert

206105 – Halssølje, oksidert

240100 – Halsring, oksidert

021100 – Skospenne, oksidert

074100 – Mansjettknappar, oksidert

361100 – Bunadskniv Kari

559101 – Bunadskniv «Vangsjenta» med graveringsfelt

346100 – Klokkekjede dame, oksidert

394000 – Lommeur dame, sølv

392000 – Lommeur dame, krom

900110 – Hårklype Oda stor, oksidert

900111 – Hårklype Oda, liten oksidert

900210 – Hårklype Nora stor, oksidert

900310 – Hårklype Emma, stor oksidert

251111 – Øyrepynt, oksidert

721111 – Øyrepynt, oksidert

253111 – Øyrepynt, oksidert

317102 – Ring, oksidert
