Sigdal-Eggedal-Krødsherad - Kryllingbunad I 3
Bunadene frå Sigdal/Eggedal/Krødsherad i Buskerud har fleire ulike broderi. Felles for dei alle, er at dei er tett broderte heile vegen rundt stakken med eit blad- og blomstliknande motiv. Alle broderia vert dominerte av raudt med andre fargar innimellom. Både livet og stakken kjem i ulike fargealternativ. Her bilde av Kryllingbunaden.
Bunadsområder:
Sigdal-Eggedal (Buskerud)
Krødsherad (Buskerud)
Detaljar
Stakk og liv
Dei sju ulike stakkane kjem alle i blått eller svart toskafta bunadty. Dei ulike stakkane frå Sigdal/Eggedal er: Hunstad, Hoffart, Grenskogen, Båssum og Lien. Frå Krødsherad har vi stakkane: Krylling og Snersrud. Det høyrer med brodert veske til bunadene med langt liv, til dei korte liva har bruk av veske variert.
Forkle
Det er ulike broderte forkle i høve til stakken de høyrer til. Til dei korte liva kan det også brukast mønstra ullmusselinsforkle.
Skjorte
Det er fleire ulike skjorter å velje blant, både med kvitt eller kulørt broderi.
Hovudplagg
Det høyrer med broderte huver til alle stakkane.
Veske
Svart veske med kulørt broderi.
Ytterplagg
Tofarga raud og kvit ulldamask-cape som skal vaterast, eller jakke med broderte kantar.
Strømper
Svarte.
Sko
Svarte bunadsko.
Sølv
Det er eige sølv til Sigdal/Eggedal/Krødsherad bunadene.
Tilbehør

131100 – Halsring, oksidert

206105 – Halssølje, oksidert

240100 – Halsring, oksidert

138100 – Sølje, oksidert

198101 – Sølje med trådkantlauv, oksidert

199101 – Sølje med trådkantlauv, oksidert

074100 – Mansjettknappar, oksidert

008100 – Jakkespenne, oksidert

021100 – Skospenne, oksidert

317102 – Ring, oksidert

373100 – Ring, oksidert

251111 – Øyrepynt, oksidert

253111 – Øyrepynt, oksidert

721111 – Øyrepynt, oksidert

361100 – Bunadskniv Kari

559101 – Bunadskniv «Vangsjenta» med graveringsfelt

346100 – Klokkekjede dame, oksidert

394000 – Lommeur dame, sølv
