Sunnfjord herrebunad
Sunnfjordsbunaden byggjer på draktmateriale frå store delar av 1800-talet. Jakka har stilhistorisk slektskap med moten på 1700-talet. Bunaden blei utarbeidd av Sunnfjord Ungdomslag med utgangspunkt i gamle plagg som i dag heng på Sunnfjord Folkemuseum. Dei første bunadene blei produsert 1964.
Bunadsområde:
Sunnfjord (Sogn og Fjordane).
Detaljar
Jakke og bukse
Open, lang jakke utan krage, i raudt vadmel.
Vest
Enkelspent olivengrøn vest med ståkrage i vadmel. Ryggen er i naturkvit vadmel. Vesten er kanta med svarte ullband rundt krage og i framkant.
Bukse
Knebukse med lukeopning i svart vadmel og heilfôra med eit elastisk materiale.
Belte
Korsstingbrodert belte med ei brei spenne i messing eller sølv.
Skjorte
Brodert kvit skjorte i lin, eller kvit skjorte i bomull og lin utan broderi.
Strømper
Kvite mønsterstrikka strømper, kan fåast i både handstrikka og maskinstrikka.
Sko
Svarte bunadsko.
Sølv
Det er eige sølv til bunaden.
Anna tilbehør
Hatt og skjerf er valfritt, medan hoseband og bukseselar ofte er naudsynte for å halde bukse og strømper oppe.
Tilbehør

125100 – Halssølje med rosett, oksidert

881800 – Halssølje, messing

086100 – Knapp 16 mm, oksidert

087100 – Knapp 19 mm, oksidert

087131 – Knapp til kniv 19 mm, oksidert

663800 – Knapp 17 mm, messing

664800 – Knapp 20 mm, messing

794100 – Spenne, oksidert

794800 – Spenne, messing

074100 – Mansjettknappar, oksidert

076800 – Mansjettknappar, messing

335100 – Klokkekjede, oksidert

339100 – Klokkekjede, oksidert

Privat: 391000 – Lommeur herre, krom

Privat: 393000 – Lommeur, sølv

033100 – Kne- og vestspenne, oksidert

033811 – Kne-/vest spenne med stick, messing

021100 – Skospenne, oksidert

026100 – Skospenne, oksidert

360100 – Bunadskniv Ola

558100 – Bunadskniv «Vangsguten»
