Sunnfjord herrebunad

Sunnfjordsbunaden byggjer på draktmateriale frå store delar av 1800-talet. Jakka har stilhistorisk slektskap med moten på 1700-talet. Bunaden blei utarbeidd av Sunnfjord Ungdomslag med utgangspunkt i gamle plagg som i dag heng på Sunnfjord Folkemuseum. Dei første bunadene blei produsert 1964.

Bunadsområde:
Sunnfjord (Sogn og Fjordane).

Detaljar

Jakke og bukse

Open, lang jakke utan krage, i raudt vadmel.

Vest

Enkelspent olivengrøn vest med ståkrage i vadmel. Ryggen er i naturkvit vadmel. Vesten er kanta med svarte ullband rundt krage og i framkant.

Bukse

Knebukse med lukeopning i svart vadmel og heilfôra med eit elastisk materiale.

Belte

Korsstingbrodert belte med ei brei spenne i messing eller sølv.

Skjorte

Brodert kvit skjorte i lin, eller kvit skjorte i bomull og lin utan broderi.

Strømper

Kvite mønsterstrikka strømper, kan fåast i både handstrikka og maskinstrikka.

Sko

Svarte bunadsko.

Sølv

Det er eige sølv til bunaden.

Anna tilbehør

Hatt og skjerf er valfritt, medan hoseband og bukseselar ofte er naudsynte for å halde bukse og strømper oppe.

Tilbehør

125100 – Halssølje med rosett, oksidert
881800 – Halssølje, messing
086100 – Knapp 16 mm, oksidert
087100 – Knapp 19 mm, oksidert
087131 – Knapp til kniv 19 mm, oksidert
663800 – Knapp 17 mm, messing
664800 – Knapp 20 mm, messing
794100 – Spenne, oksidert
794800 – Spenne, messing
074100 – Mansjettknappar, oksidert
076800 – Mansjettknappar, messing
335100 – Klokkekjede, oksidert
339100 – Klokkekjede, oksidert
Privat: 391000 – Lommeur herre, krom
Privat: 393000 – Lommeur, sølv
033100 – Kne- og vestspenne, oksidert
033811 – Kne-/vest spenne med stick, messing
021100 – Skospenne, oksidert
026100 – Skospenne, oksidert
360100 – Bunadskniv Ola
558100 – Bunadskniv «Vangsguten»
566100 – Bunadskniv «Staskaren»