Troms damebunad med raudt liv

Troms damebunad blei første gong presentert på Troms Ungdomsfylkingsstemne i Senjahopen i 1973. I samarbeid med BUL Tromsø blei arbeidet med å samle inn bakgrunnsmateriale for bunaden begynt i 1967. Fasongen har stakken fått etter ei brudedrakt frå Tranøy på Senja, sydd rundt midten av 1800-talet.

Bunaden kjem også med gyllent liv.

Bunadsområde: Troms.

Stikkord: Nord-Norge, damebunad, kvinnebunad, bunad.

Detaljar

Stakk og liv

Bunaden er i ullstoff med ein rutet effekt av vertikale striper og fløyelsband på tvers nedst.

Kjolelivet er i damaskliknande mønster i eit blandingsstoff av bomull/viskose. Livet er i raudt.

Skjorte

Kvit skjorte med broderi eller kvit skjorte i bomull med nupereller.

Forkle

Forkleet er i svart mercerisert bomull med hvite, vertikale striper langs ytterkantene og tilsvarende tverstriper nederst.

Ytterplagg

Cape er i svart ulldrape med raudt fôr.

Hovudplagg

Lua er i svart silke og har ein kvit blonde langs framkanten, og knyteband til å feste under haka eller dei kan henge ned.

Strømper

Svarte.

Sko

Svarte bunadsko.

Bunadsølv

Det er eige bunadsølv til bunaden. Sjå under.