Valdresbunad

Valdresbunaden S1 ble utarbeidd i 1917-19 av Hulda Garborg i samarbeid med Anna og Aksel Waldemar Johannessen.

Broderiet til Valdresbunaden 1919 er frå ei gammal gråbrun fløyelsluve med prydsaum i lin og bomull, utlånt frå Bang Bygdesamling. Snittet på livet er tatt frå eit gammalt kjoleliv frå 1840-50-åra.

I 1948 gjorde Valdres kulturnemnd vedtak om ei forandring på utforminga av bunaden, slik at bunaden vart levert utan forkle, men med broderi på stakken.

Valdresbunad har eit formsydd liv med broderi, og stakk med tilsvarande broderi. På stakken er broderiet plassert nede slik at dei separate motiva dannar ei bord heile vegen rundt. Motiva i broderiet er organiske blad- og blomsterliknande former i klare fargar. Ein kan velje å ha forkle til bunaden, men då er det ikkje broderi på stakken.

Trøya (jakka) er utarbeid av Heimen i 1954-55, etter ei gamal pipetrøye frå Kvien.

Bestill time for måltaking

Detaljar

  • Stakk og liv

    Stakk og liv blir laga i toskafta bunadty og kjem i svart eller mørkeblått

  • Forkle

    Forkle kan brukast til bunaden og er i same farge og stoff som bunaden med broderi

  • Skjorte

    Det er fleire ulike skjorter til Valdresbunaden med kvitt eller farga broderi.

  • Ytterplagg

    Jakke i same farge og stoff som bunaden.

  • Strømper

    Svarte

  • Sko

    Svarte bunadsko

  • Sølv

    Det er eige sølv til Valdresbunaden