Valdres herrebunad

Valdres herrebunad med svart jakke er den som har vore i bruk lengst i Valdres. Bunaden blei utvikla og sett i produksjon i 1962. Jakka er ein kopi av ei trøye frå 1860-70 frå Søre Garli i Nord-Aurdal. Buksa er frå Sør-Aurdal frå 1880-90 åra. Vesten er ein kopi frå Øre Semeleng i Vestre Slidre.

Bunadsområde:
Valdres (Oppland).

Detaljar

Jakke og bukse

Kort, open jakke med ståkrage og slag i svart klede. Ein kan velje svart eller brun fløyel på krage, forkant og ermar. Ein kan velje mellom knebukse og lang bukse med lukeopning, i svart ullklede.

Vest

Vesten kjem i ulike rutete stoff i toskafta bunadty.

Skjorte

Kvit linskjorte med kvitsaum eller bomullskjorte utan broderi.

Strømper

Kvite med mønsterstrikk.

Sko

Svarte bunadsko.

Sølv

Det er eige sølv til bunaden.

Anna tilbehør

Hatt og skjerf er valfritt, mens hoseband og bukseselar ofte er nødvendige for å halde bukse og strømper oppe.

Tilbehør

122100 – Halssølje, oksidert
125100 – Halssølje, oksidert med rosett
492100 – Halssølje, oksidert
026100 – Skospenne, oksidert
033100 – Kne- og vestspenne, oksidert
852100 – Kne- og vestspenner, oksidert
074100 – Mansjettknappar, oksidert
076100 – Mansjettknappar med botn, oksidert
086100 – Knapp 16 mm, oksidert
087100 – Knapp 19 mm, oksidert
087131 – Knapp til kniv 19 mm, oksidert
522100 – Valdres mansjettknappar, oksidert
643100 – Knapp med botn 15 mm, oksidert
644100 – Knapp med botn 17 mm, oksidert
647131 – Knapp til kniv, oksidert
673100 – Knapp, oksidert
674100 – Knapp, oksidert
755100 – Mansjettknappar med botn, oksidert
360100 – Bunadskniv Ola
558101 – Bunadskniv «Vangsguten» med graveringsfelt
566100 – Bunadskniv «Staskaren»
339100 – Klokkekjede, oksidert
341100 – Klokkekjede, oksidert
386100 – Klokkekjede med graveringsfelt, oksidert