Vest-Telemark bunad U55

Vest-Telemark bunad U55 har eit langt brodert liv som blir snørt framme. Raudnyansane i broderiet går igjen i det breie broderiet på forkleet medan stakken har ein raud kant med små broderimotiv som er sydd på nedst. Vest-Telemarkbunaden kjem i fleire fargar og har eit større utval av tilbehør.

U55 Øverland i Seljord, utarbeid av Eldrid Robberstad, for Heimen Husflid, etter draktmateriale fra 1830-1860 åra.

Detaljar

Stakk og liv

Stakk og liv blir levert i svart eller blått toskafta bunadty. Stakken har broderi på ein smal kant nede, livet har store broderimotiv og raude kantar med broderi

Forkle

Forkleet har eit frodig brodert motiv nede og er i same farge som stakken med raude kantar. Forkleet blir festa med eit grindvevd band i livet

Skjorte

Det er utarbeidd fleire forskjellige skjorter til Vest-Telemark, i lin med både farga- og kvitsaum

Ytterplagg

Ein kan velje mellom lang cape, i same farge som stakken eller kort jakke i raudt eller same farge som stakken

Hovudplagg

Jenteskaut eller koneskaut

Strømper

Svarte

Sko

Svarte bunadsko

Sølv

Telemarksølv blir brukt