Vest-Telemark damebunad U58

Denne Vest-Telemarkbunaden er utarbeid av Eldrid Robberstad for Heimen Husflid, etter draktmateriale fra 1830-1860 åra.

Bunaden har eit raudt liv med intrikate broderi i grøne og gule nyansar. Sjølve stakken har eit lite broderi på kanten nede, mens forkleet eit like detaljert og stort broderi som livet. Bunaden kjem i ei rekke fargevariantar og har eit utval av tilbehør.

Bunadsområde:
Vest-Telemark (Telemark).

Detaljar

Stakk og liv

Stakken er svart eller blå med raud brodert kant. Livet kjem i raudt, naturkvitt, svart eller blått. Det raude livet har grøn/gule broderi, det naturkvite, det svarte og det blå har same fargar i broderia som forkleet. Forkleet blir festa med eit grindvevd band i livet. Heile bunaden er i toskafta bunadty.

Forkle

Forkleet har eit frodig brodert motiv nede i raudtonar og er i same farge som stakken med raude kantar. Forkleet blir festa med eit grindvevd band i livet.

Skjorte

Det er utarbeidd fleire forskjellige skjorter til Vest-Telemark, i lin med både farga- og kvitsaum.
Ytterplagg: Ein kan velje mellom lang cape i same farge som stakken eller kort jakke i raudt eller same farge som stakken.

Hovudplagg

Vippe, jente- eller koneskaut.

Strømper

Svarte.

Sko

Svarte bunadsko.

Sølv

Telemarksølv blir brukt. Sjå under.

Tilbehør

423700 – Halsring, antikkforgylt
427700 – Halsring, antikkforgylt
244700 – Halsring, antikkforgylt
181700 – Halsring, antikkforgylt
423100 – Halsring, oksidert
421100 – Halsring, oksidert
181100 – Halsring, oksidert
244100 – Halsring, oksidert
445700 – Sølje, antikkforgylt
445100 – Sølje, oksidert
426700 – Bolesølje, antikkforgylt
167700 – Bolesølje, antikkforgylt