Vestfold 1932 damebunad

Vestfold 1932 damebunad blei ferdig og presentert første gang i 1932 av Ragnar Nordby. Han reiste rundt i Vestfold for å samle inn informasjon frå eldre menneske for å lage denne bunaden. Bunaden er kopiert etter gamle draktdelar funne rundt om i Vestfold fylke. Motivet til veske og lue er frå eit kistelokk frå Stokke. Bunaden fins i svart eller blå ullklede.

Bunadsområde:
Vestfold

 

 

 

Detaljar

Liv og stakk

Liv og stakk er i klede av ull og har same farge på vest og stakk. Vesten har ullband rundt ermehol og rundt halsopning. Vesten er fôra med baskerduk.

Belte har gult ullband med raudt mønster, same band som er sydd fast nede på skjørtet, blir brukt som belte. Ei sølvspenne er lås.

Veska er pynta med rosemålingsmønster og laga i same materiale som stakken. Rundt kanten av veska er det sydd fast ein bise.

Nedst på skjørtet er det ei raud tvinna ullsnor og ein innfelt grøn kant. Ei bandbreidde opp er det sydd på eit ullband med gult og raudt mønster.

Skjorte

Kvit skjorte i lin med handbroderi på krage, bringelist og mansjettar.

Hovudplagg

Lua har lik brodering som veska bak og som kantene på capet. Den er laga i same ullstoff som stakken og har kanting av same materialet rundt lua.

Ytterplagg

Cape med same broderi motiv som lue og veske er ytterplagg.

Capen har ståkrage og er laga i same ullklede som stakken.

Den er fôra med bomullsstoff i same farge. Oppe på skuldra er det broderi likt det som er rundt kanten på lua.

Strømper

Til denne bunaden høyrer det kvite strømper.

Sko

Til denne bunaden høyrer det svarte bunadsko.

Tilbehør

477100 – Vestfold halsring, oksidert
478101 – Vestfold sølje, oksidert
479101 – Vestfold sølje, oksidert
400101 – Vestfold sølje, oksidert
299100 – Vestfold maljer, oksidert
326490 – Kjede 1 meter, kvit
326491 – Kjede 1.1 meter, kvit
Privat: 540001 – Skinnlist 4 cm, svart
091101 – Beltestøl med trådkantlauv, oksidert
091146 – Veskestøl, oksidert
091131 – Knivstøl, oksidert
091181 – Namnestøl, oksidert
091191 – Beltestøl «min første», oksidert
095101 – Vestfold beltestøl, oksidert
095146 – Vestfold veskestøl, oksidert
841100 – Vestfold beltespenne, oksidert
750100 – Vestfold mansjettknappar, oksidert
840100 – Vestfold capespenne, oksidert
525100 – Vestfold veskelås, plett oksidert
398100 – Sikringslenkje til veskelås, oksidert
021100 – Skospenne, oksidert
026100 – Skospenne, oksidert
317102 – Ring, oksidert
379100 – Vestfold ring, oksidert
723111 – Vestfold øyrepynt, oksidert
724111 – Vestfold øyrepynt, oksidert
725111 – Vestfold øyrepynt, oksidert
361100 – Bunadskniv Kari
559101 – Bunadskniv «Vangsjenta» med graveringsfelt