Vestfold, Borre herrebunad

Denne bunaden blei utarbeidd saman med Borre Leikarring i 1937. Jakka er ein kopi av ei jakke frå garden Trolldalen i Andebu, og er å sjå på Norsk Folkemuseum. Vesten er ein kopi av ein brudgomsvest frå 1832, og den kjem også frå Andebu. Buksa er ein kopi av ei skinnbukse frå Kodal. Originalane er på Vestfold Folkemuseum. Bunaden har røter attende til første halvdel av 1800-talet.

Detaljar

Jakke og bukse

Open, kort jakke med ståkrage og slag i svart ullklede. Ein kan velje knebukse eller lang bukse med lukeopning i svart ullklede.

Vest

Dobbeltspent vest med slag og ståkrage i raudt eller grønt ullklede. Baskerlin i rygg.

Skjorte

Brodert kvit skjorte i lin, eller kvit skjorte i bomull eller lin utan broderi.

Strømper

Kvite strømper med mønsterstrikk.

Sko

Svarte bunadsko.

Bunadsølv

Det er eige sølv til bunaden.

Anna tilbehør

Hatt, bunadskniv og hoseband til knikkers.

Tilbehør

457100 – Halsknapp, oksidert
891100 – Halssølje, oksidert
675100 – Knapp 17 mm, oksidert
676100 – Knapp 19 mm, oksidert
645100 – Knapp 13 mm, oksidert
647100 – Knapp 17 mm, oksidert
647131 – Knapp til kniv, oksidert
676131 – Knapp til kniv, oksidert
076100 – Mansjettknappar med botn, oksidert
763100 – Mansjettknappar, oksidert
335100 – Klokkekjede, oksidert
339100 – Klokkekjede, oksidert
385100 – Klokkekjede med graveringsfelt, oksidert
386100 – Klokkekjede med graveringsfelt, oksidert
341100 – Klokkekjede, oksidert
Privat: 391000 – Lommeur herre, krom
Privat: 393000 – Lommeur, sølv
026100 – Skospenne, oksidert
360100 – Bunadskniv Ola
558101 – Bunadskniv «Vangsguten» med graveringsfelt