Vestfold herrebunad
Denne bunaden blei ferdig i 1985, og har fellestrekk med Borrebunaden. Jakka er ein kopi av ei jakke frå gården Trolldalen i Andebu, og er å sjå på Norsk Folkemuseum. Vesten er ein kopi av ein brudgomsvest fra 1832, som kjem frå Andebu. Buksa er ein kopi av ei skinnbukse frå Kodal. Originalene heng på Vestfold Folkemuseum. Bunaden har røter frå føste halvdel av 1800-talet.
Detaljar
Jakke og bukse
Open, kort jakke med ståkrage og slag i raudt ullklede. Knebukse med lukeopning i svart klede. Denne buksa kan ein også få med knapp på knelinning i staden for spenne.
Vest
Dobbeltspent vest med slag og ståkrage i gul silkedamask. Baskerlin i rygg.
Skjorte
Brodert kvit skjorte i lin eller kvit skjorte i bomull eller lin utan broderi.
Strømper
Kvite strømper med mønsterstrikk.
Sko
Svarte bunadsko.
Bunadsølv
Det er eige bunadsølv til Vestfoldbunaden.
Anna tilbehør
Hatt, hoseband, silkeskjerf, lommeur og bunadskniv.
Tilbehør

457100 – Halsknapp, oksidert

891100 – Halssølje, oksidert

675100 – Knapp 17 mm, oksidert

676100 – Knapp 19 mm, oksidert

645100 – Knapp 13 mm, oksidert

647100 – Knapp 17 mm, oksidert

647131 – Knapp til kniv, oksidert
