Vestfold damebunad Tranum Røer T1
Vestfoldbunad Tranum Røer T1 er utarbeidd for Heimen av Borghild Tranum Røer i 1958. Bunaden har damaskstakk i to ulike fargar, svart eller rustraud, og svart brokadeliv. Det høyrer til eit kvitt forkle med kulørt blomstermotiv. Det er mogleg å velje mellom to ulike vesker med forskjellige fargar og motiv. Lue er også ein del av tilbehøret til bunaden. Svart fløyesbelte eller sølvbelte høyrer til denne bunaden. Forkleet er i kvit bomullsbatist med kulørt broderi. Utgangspunktet for bunaden er frå gamle mønster og tekstiler frå Vestfold. Livet er kopiert etter eit gamalt liv frå Vaggestad i Vestfold frå omkring slutten av 1700 tallet. Stakken er utarbeidd etter utdrag frå gamle skrifter, skriftsbrev frå Vestfold. Forkle kopi etter gamalt forkle frå Haugberg i Andebu frå 1790-1800 åra. Veska er laga etter ei gammal veske frå Tjølling frå slutten av 1700 tallet, og lua er kopi etter ei gamal lue frå Vestfold.
Skjorta er ein kopi av ei gamal skjorte frå slutten av 1700 tallet. Eigar av skjorta var Elise Dølve Nygård frå Kolkin i Andebu. Skjorta blei utlånt til Heimen i 1954 ved Borghild Tranum Røer.
Bunadsområde:
Vestfold
Detaljar
Stakk, liv og forkle
Stakken er i svart eller rustraud ulldamask og livet er i svart brokade. Forkleet er i kvit bomullsbatist med kulørt broderi med blomstermotiv.
Skjorte
Det er to ulike linskjorter med kvitt broderi.
Veske
Raud ulldamask-veske med broderi eller svart veske i toskafta bunadty med broderi.
Lue
Raud eller svart damask.
Strømper
Svarte eller kvite
Sko
Svarte bunadsko
Sølv
Vestfoldsølv
Tilbehør

400101 – Vestfold sølje, oksidert

478101 – Vestfold sølje, oksidert

479101 – Vestfold sølje, oksidert

477100 – Vestfold halsring, oksidert

021100 – Skospenne, oksidert

026100 – Skospenne, oksidert

840100 – Vestfold capespenne, oksidert

841100 – Vestfold beltespenne, oksidert

299100 – Vestfold maljer, oksidert

326490 – Kjede 1 meter, kvit

326491 – Kjede 1.1 meter, kvit

076100 – Mansjettknappar med botn, oksidert

676100 – Knapp 19 mm, oksidert

750100 – Vestfold mansjettknappar, oksidert

763100 – Mansjettknappar, oksidert

091101 – Beltestøl med trådkantlauv, oksidert

091131 – Knivstøl, oksidert

091146 – Veskestøl, oksidert

091181 – Namnestøl, oksidert

091191 – Beltestøl «min første», oksidert

095101 – Vestfold beltestøl, oksidert

095146 – Vestfold veskestøl, oksidert

398100 – Sikringslenkje til veskelås, oksidert

525100 – Vestfold veskelås, plett oksidert

361100 – Bunadskniv Kari

559101 – Bunadskniv «Vangsjenta» med graveringsfelt

335100 – Klokkekjede, oksidert

346100 – Klokkekjede dame, oksidert

385100 – Klokkekjede med graveringsfelt, oksidert

900110 – Hårklype Oda stor, oksidert

900111 – Hårklype Oda, liten oksidert

900210 – Hårklype Nora stor, oksidert

723111 – Vestfold øyrepynt, oksidert

724111 – Vestfold øyrepynt, oksidert

725111 – Vestfold øyrepynt, oksidert

317102 – Ring, oksidert

379100 – Vestfold ring, oksidert

309140 – Nøkkelkjede med karabinlås, oksidert

305190 – Nøkkelkjede 90 cm, oksidert

601100 – Stabbursnøkkel, oksidert
