Voss

Bunaden er utforma etter informasjon som blei samla inn i området rundt Voss. Frå 1860 og framover begynte ein å bruke jakke og lukebukse i svart klede og raud vest. Etter 1950-talet blei det vanleg å ha ein vest med grøn innfelling.

Bunaden har knappar i tinn eller sølv.

Detaljar

Jakke

Open, kort jakke med ståkrage og slag i svart ullklede.

Bukse

Knebukse i svart ullklede med knappegylf eller lukeåpning eller lang bukse i svart ullklede med knappegylf eller lukeåpning.

Vest

Dobbeltspent vest med ståkrage i raudt ullklede med innfelling av grønt ullklede i front. Vesten er kanta med raude og grøne ullband. Bomullsstoff i ryggen.

Skjorte

Brodert kvit skjorte i bomull m/broderi i lin, eller kvit skjorte i bomull og lin utan broderi.

Strømper

Kvite mønsterstrikka strømper, kan fåast i både handstrikka og maskinstrikka.

Sko

Svarte bunadsko.

Sølv

Mansjettknappar, halssølje, kne- og vestespenne samt små og store knappar er i oksidert sølv.

Anna tilbehør

Hatt og skjerf er valfritt, medan hoseband og bukseselar ofte er nødvendige for å halde bukse og strømper oppe.

122100 – Halssølje, oksidert
125100 – Halssølje, oksidert med rosett
468100 – Halssølje, oksidert
026100 – Skospenne, oksidert
033100 – Kne- og vestspenne, oksidert
074100 – Mansjettknappar, oksidert
086100 – Knapp 16 mm, oksidert
086113 – Knapp 16 mm med lang hempe, oksidert
087100 – Knapp 19 mm, oksidert
087113 – Knapp 19 mm med lang hempe, oksidert
087131 – Knapp til kniv 19 mm, oksidert
098413 – knapp m. lang hempe. kvit. 15 mm
641113 – Knapp mynt 19 mm med lang hempe, oksidert
755100 – Mansjettknappar med botn, oksidert
360100 – Bunadskniv Ola
558101 – Bunadskniv Vangsguten med graveringsfelt
566100 – Bunadskniv Staskaren
339100 – Klokkekjede 30 cm, oksidert
341100 – Klokkekjede, oksidert