Bunader frå Romerike

Bunader frå Romerike

Romeriksbunaden er ein festbunad laga etter lokal draktskikk

Romerike L40 damebunad
Romerike L46 damebunad
Romerike L55 damebunad
Romerike L52 herrebunad

Damebunaden

L40 blei utforma i eit samarbeid mellom Borghild Tranum Røer og Heimen (Husfliden eller berre Heimen?) i perioden 1936–1940. Omrisset på livet er tatt etter eit gammalt liv frå Romerike frå omkring 1760-1780 åra. Mønsteret på lua er tatt etter ei gammal lue frå Romerike frå omkring same tid. Broderiet på bunaden er etter ei gammal raud bunadsveske med gyllent silkebroderi frå Ullensaker (1770-1780-åra). Veska på dagens bunad er nesten identisk med den gamle. Broderiet til bunaden er utarbeidd av Ivar Klæbo etter lomma frå Ullensaker.

 

L46 er utarbeidd av Heimen i samarbeid med Borghild Tranum Røer i 1942-46. Broderiet på bunaden er etter eit ”skaberakk” (hesteteppe) frå Enebakk frå 1730-åra. Hesteteppet er no på Norsk Folkemuseum. Snittet på livet er kopiert etter ei gammal trøye frå Sørum frå 1760-1770-åra med skjøter og klokkeopning framme på livet. Mønsteret på lua er etter ei gammal lue frå Sørum, frå 1770-åra. Livet er modellert av Andrea Kjærvik, tidlegare sjef på systova vår. Broderiet på stakken er einsfarga og ligg som ein bord nedst. Nokre av motiva i borden er ganske store og kjem derfor eit stykke opp på stakken. Denne bunaden kjem i forskjellige fargekombinasjonar. Stoffet til det trykte forkleet var i utgangspunktet frå ein silkekjole (brudekjole) frå Romerike frå slutten av 1700-talet. Forkle i linbatist vart utarbeidd på Heimen i 1950-åra.

 

L55 har brokadeliv og brodert stakk der motivet er henta frå ein sko av raudt ullty med kvitt silkebroderi som blei funne i Enebakk eller Fet på 1700-talet. Denne Romeriksbunaden er utarbeidd av Heimen i samarbeid med Borghild Tranum Røer i 1955.

 

Herrebunaden

Mannsbunad frå Romerike er utarbeidd av Åsmund Svinndal i samarbeid med Heimen. Arbeidet med bunaden starta allereie i 1936, men blei først sett i produksjon i 1952.

Bunaden er inspirert av ein vest og ei skjorte frå Nannestad, eit måleri frå rundt 1810 av Anders Haneborg (Aurskog), i tillegg til generelle draktskikkar frå området.

 

Alle Romriksbunadene har kvite linskjorter.

 

Klikk her for å sjå bunader, bunadsølv og anna tilbehør frå Romerike.

Bestille time

Bestill time