Den Norske Husflidsforening

Husflidsaka stod sterkt på slutten av 1800-tallet. Industrisamfunnets framvekst førte til tilbakegang for husflid, og mange av Oslos framståande borgarar ivra for å bevare norske husflidstradisjonar.

I 1891 slo tre husflidsforeiningar seg saman til Den Norske Husflidsforening. I 1892 etablerte foreininga sin eigen butikk i Carl Johans g. 27 og organiserte ein omfattande produksjon av husflid i private heimar rundt om i heile landet. Dette blei ei viktig ekstrainntekt for mange i bygde-Norge. Salet av husflid i hovudstaden gjekk godt, og omsetninga auka frå kr 22 000 til kr 120 000 på få år. Husfliden blei eit førebilete for husflidsinteresserte i andre norske byar, og alt i 1899 var det husflidsutsal også i Bergen, Trondheim, Stavanger og Kristiansand.

Husfliden utlyste konkurransar, deltok på utstillingar i inn- og utland, engasjerte designarar, samarbeidde med arkitektar, utgav mønster- og modellhefte, utvikla bunader på tradisjonsmateriale og vitaliserte viktige norske møbeltradisjonar. Husfliden i Oslo blei ein institusjon som fornya norsk husflid til inspirasjon for husflidsforeiningar i hele Norge og for Scandinavian Design-rørsla.

Den Norske Husfliden i Oslo har lagt vekt på å vidareføre dei rike, norske tradisjonane og på å vere forhandlar og leverandør av produkt med røter i norsk kulturhistorie og føre eit produktspekter som fortrinnsvis skal vere produsert i Norge.