Karoline Grude

Karoline Grude (1882-1953) frå Høyland i Rogaland var driftsstyrar for Heimen  frå 1923 til 1947 (eller 1948).

 

Karoline Grude var mangeårig medlem i BUL og var ein av elevane i Hulda Garborg sin dansering. Frå 1921 til 1926 redigerte Grude ein eigen spalte om husflid og bunader i familiebladet «For Bygd og By».

 

Fr. Grude dreiv Heimen godt med små ressursar gjennom nedgangs- og krigstider og etterlet seg ei trygg verksemd basert på bunadsmønster, erfarne fagfolk og eit godt namn.

 

Då ho overtok drifta hadde Heimen 3 tilsette, i 1938 hadde talet stege til 22 faste medarbeidarar. I tillegg kom eit hundretals heimearbeidande kvinner frå heile landet som leverte strikketøy og prydsaum.

 

Under 2. verdskrigen var det vanskeleg å få tak i råvarer til produksjonen og tungt å drive forretning, men alt i 1946 var det igjen balanse i rekneskapen.

 

 

 

 

 

Kjelder:

«Og byen er vår bror…» Bondeungdomslaget i Oslo 1899-1989

Arnhild Skre: Hulda Garborg. Nasjonal strateg. Samlaget 2011

Artikkel om Heimen i Norsk Tidend 27. oktober 1938

Allkunne – levande leksikon, artikkel om For Bygd og By

https://www.allkunne.no/framside/tema-nynorsk/nynorske-aviser-blad-og-tidsskrift/for-bygd-og-by/30/1516/