Kjøpe bunad

Korleis gå fram ved kjøp av bunad?

Val av bunad

Nokon vel bunad ut ifrå den staden dei har vakse opp, andre ut ifrå kvar foreldra eller besteforeldra er fødde eller kjem frå, andre ut frå kvar dei bur og andre kva dei meiner kler dei best.

Våre dyktige tilsette kan gi deg rettleiing på dette.

Ved bestilling brukast ei sjekkliste få å sikre at du får med alt med alt tilbehøret du ønsker.

Val av tilbehør

Valmoglegheitene av stoff og band varierer mykje mellom dei ulike bunadene.

Du får informasjon om valmoglegheitene av tilbehør. Vi har prøver på dei fleste stoffa og banda i våre to butikkar.

Du får også informasjon om kvar dei ulike stoffa er produsert.

Med eit stort utval av ulike bunadsmodellar frå heile landet, vil dei fleste kunne finne sin bunad hos oss.

Bilete og informasjon finst her på nettsiden vår, og modellar av bunadene kan du sjå i
våre to butikkar i Rosenkrantz’ gt. og på Glasmagasinet.

Måltaking

Når du har bestemt deg for kva for ein bunad du ønskjer, kan du bestille tid til måltaking enten via nettsidene våre, e-post, telefon eller i butikkane.

Leveringstid

Dette varierer veldig og heng saman med kva slags type bunad du har valt, kvar den blir brodert, produsert og når på året du bestiller.
Når du har valt bunad blir du informert om leveringstida for din bunad.

Betaling av bunad

Ved bestilling av bunad må det betalast delbetaling på (40 %) før bunaden blir sett i produksjon.

Delbetalinga må betalast direkte i butikk, eller du kan opprette ein Heimen Husfliden-konto.

Sølv

Vi gir deg 10% rabatt på alt bunadssølv og tilbehør ved kjøp over disk ved bestilling av bunad eller materialpakkar.

Sølv som skal syast på bunaden må kjøpast ved bestilling av bunaden din.

Vil du bruke eige sølv som skal syast på bunaden leverast det ved bestilling.

Når du har bestemt deg for at du vil ha ein ny bunad, kan Heimen Husfliden hjelpe deg vidare. Send inn skjemaet nedanfor, og vi vil kontakte deg så fort som mogeleg!

Ulike bunadmodellar

Vi tilbyr bunader sydd etter dine mål i ulike utføringar

Kontakt oss for meir informasjon