Romeriksbunad L55

Romeriksbunad L55

Bunaden er utarbeidd av Heimen i samarbeid med Borghild Tranum Røer i 1955.

Broderiet på bunaden er frå ein sko av raudt ullty med kvitt silkebroderi frå 1700-talet, som blei funne i Enebakk eller Fet.

Stoffet til livet er i gul damask med grøne fløyelskantar og gullband eller grønt damaskliv med gule fløyelskantar og gullband.

Bunaden har broderi på stakk, forkle, luve og lomme, som er i toskafta bunadty i raudt eller blågrønt.

Veske og lue kjem i same farge som stakken med tilsvarande broderi som stakk og forkle.