Smittevern og trygg handel

Smittevern og trygg handel

Kjære kunde!
Vi vil gjerne hjelpe deg så du kan bestille bunad og handle i våre butikkar, men for at du og våre tilsette skal vere så trygge som mogeleg og kunne halde avstand i desse tider, treng vi hjelp av deg!

Vi ber om at personar som er sjuke, eller som er i isolasjon eller karantene grunna koronaviruset, ikkje besøker oss i denne perioden. Vis hensyn og ta vare på kvarandre!

Trygg handel
Vi har god plass og ber om at kundane held god avstand (2 meter)  til våre tilsette og til andre kundar. Munnbind må brukas  i butikkane våre av kunadar og tilsette.

For at du skal føle deg trygg desinfiserer vi overflater regelmessig, og handsprit er plassert ut fleire stader til bruk for kundane våre.

Du kan også handle trygt i nettbutikken vår, eller bestille varer ved å ta direkte kontakt med butikkane våre. Vi tar Vipps!

Måltaking til bunad
Ved måltaking til bunad ber vi deg om å ta med ein du bur saman med eller ein nær relasjon. Personen du har med deg kan så ta mål av deg etter rettleiing frå ein av våre tilsette.

Utlevering og prøving av bunad
Ved utlevering og prøving av bunad ønsker vi at dei kundane som er over 18 år kjem alene slik at vi kan følge myndigheitenes tiltak om smittevern.

Ønskjer du å prøve bunaden heime, kan vi sende den til deg. Bunaden må i så fall vere fullt betalt.

Vi kan tilby facetime/teams eller annan digital konsultasjon for deg som ikkje kan komme innom for prøving av bunaden. Vi kan også tilby prøving av bunad utanom opningstid, dette må avtalast ved behov.

Tusen takk for hjelpa!