Vedlikehald av bunadskjorte

Vedlikehald av bunadskjorte

Vask av bunadskjorter

Vask skjorta etter bruk og oppbevar den liggande i ein skjortepose mellom kvar vask.

Vi anbefaler å strekke linet i fasong i løpet av tørkeperioden, slik at skjorta held den opprinnelege fasongen.

Bruk skånsamt vaskemiddel eller bunadssåpe som er vispa godt ut i vaskevatnet og skyll godt.

Ved maskinvask må ein vaske på ”skåneprogram”.

Linskjorter med broderi må ikkje vaskast på meir enn 40 grader, elles vil fibrane bli skada og stoffet sprøtt. Skjorter utan broderi kan vaskast på 60 grader.

Følg vaskeanvisninga og bruk vaskepose.

Stryking av bunadskjorte

Vent med å stryke skjorta til neste gong du skal bruke henne, elles kan stoffet gulne over tid.

Start i god tid, gjerne eit par dagar før du skal bruke skjorta.

Dynk først skjorta godt og legg henne i ein plastpose nokre timar, eventuelt over natta.

Bruk ullprogrammet på strykejernet og start med å stryke på vranga.

La skjorta henge og tørke til neste dag, og stryk så over skjorta ein gong til på retta. På denne måten vil skjorta halde seg glatt lenger.