Åmli herrebunad

Åmlibunad kjem med svart jakke og bukse medan vesten finst i tre ulike alternativ. Her er dei originale strømpene kvite og svarte med åttebladsroser i mønster, men kvite strømper blir også brukt. Dersom ein ønskjer meir farge kan ein bruke silkeskjerf i halsen.

Åmlibunad bygger på draktskikken i Aust-Agder frå midten av 1800-talet. Bunaden blei tatt i bruk på 1920-talet og har i større eller mindre grad vore brukt sidan.

Åmlibunaden kan også leverast til gutar.

Stikkord:
Åmli (Aust-Agder), mannsbunad, herrebunad.

Detaljar

Jakke og bukse

Jakka og knebuksa kjem i svart klede

Vest

Vesten blir sydd i silkedamask eller brokade

Skjorte

Bomullsskjorte utan broderi

Strømper

Kvite mønsterstrikka strømper, kan fåast i både handstrikka og maskinstrikka. Her kan ein også bruke mønstra strømper i svart og kvitt

Sko

Svarte bunadsko

Sølv

Det er eige sølv til bunaden

Anna tilbehør

Hatt og skjerf er valfritt, medan hoseband og bukseselar ofte er naudsynte for å halde bukse og strømper oppe