Ledig stilling

Ledige stillingar- snarleg tiltreding!

Heimen Husfliden søker butikkansvarlig på Glasmagasinet (vikariat)

Er du vår nye butikkansvarleg i Heimen Husfliden avd. GM

Vi søkjer etter ein butikkansvarleg til eit barselvikariat i avdelinga på avd Glasmagasinet, og ser etter ein person som er genuint opptatt av den gode kundeopplevinga og av å vere ein rollemodell for medarbeidarane sine.

Butikken vår har eit mangfaldig og spennande varesortiment. Med eit stort utval garn, strikk og bunader, har vi eit mål om å vere best på husflidssortiment med utgangspunkt i norsk og nordisk design og handverk.

Tiltredelse 1. januar eller etter avtale. Søknadsfrist 1. november.

 

Ansvar og oppgåver vil vere

Dagleg drift og optimalisering av butikken, m.a. oppfølging og drift av alle system i butikken og ansvar for den daglege bemanninga.

Stillinga følgjer butikkens rullerande arbeidsskjema.

Utvikle og motivere medarbeidarane i butikken.

Saman med butikksjefen stå for innkjøp av varer til butikken.

Halde deg oppdatert på kva som skjer i bransjen og vere med på messer.

Kvalifikasjonar og eigenskapar

Du må ha gode leiarevner og kunne kommunisere godt med tilsette, kundar og resten av organisasjonen. Du er fleksibel og sjølvstendig og du klarer å halde oversikten sjølv om det er mykje å gjere. Gjennom gode samarbeidsevner og engasjement løyser du utfordringar med eit smil.

Du har god arbeidsmoral og er ansvarsfull.

Du utrykker deg godt på norsk og engelsk, både muntleg og skriftleg.

Minimum 2-3 års butikkerfaring. 2 års ledererfaring.

Gode datakunnskapar er ein føresetnad.

Vi tilbyr

Ein mangfaldig og spennande arbeidsplass med trivelege kollegaer.

Varierte arbeidsoppgåver. Ingen dagar er like hos oss!

Ryddige arbeidsforhold.

Pensjonsordning. Personalrabattar. Lønn etter avtale.

Om arbeidsgiveren

Heimen Husfliden har to store husflidsbutikkar i Oslo sentrum; Arbeidergata 1/A1 og Glasmagasinet GM.
I butikken på Glasmagasinet finst det eit rikhaldig utval av strikkegarn, broderiutstyr, vev og hobbyartiklar i tillegg til bunadar.

Avdelinga i Arbeidergata 1 består av produksjonsavdeling og butikk. Butikken i A1 fokuserer på bunad og bunadstilbehør, og har i tillegg eit godt utval av vakre tekstilar, klesplagg, gåve- og bruksgjenstandar rotfesta i norsk og nordisk handverk og design. I produksjonsavdelinga arbeider tilsette på sy- og teiknestova med å produsere bunader.
Les meir om bedrifta her: www.heimenhusfliden.no

Søknad sendast direkte til Hege.Andresen@heimenhusfliden.no

Heimen Husfliden søkjer deltidsmedarbeidarar til butikkane på Glasmagasinet og Arbeidergata 1

Ønskjer du å jobbe på Heimen Husfliden?

Heimen Husfliden søkjer serviceinnstilte, strukturerte og ansvarsbevisste medarbeidarar til faste helgar og vekedagar. I tillegg kan du rekne med å jobbe ekstra i samband med ferieavvikling og i pressperiodar som i mai og desember.

Du må vere glad i å jobbe i butikk og trivast med å vere imøtekommande og gi god service til alle kundar. Arbeidsoppgåvene er varierte og består m.a. av å opne/stenge butikken og  daglege rutinar som å ta imot, prismerke og plassere varer og anna førefallande arbeid. Dersom du også har god kompetanse på bunad, saum og strikk og kjennskap til tradisjonelle handarbeidsteknikkar, er det stor sjanse for at du er vår neste kollega!

– Du er ein fleksibel og ansvarsfull person med godt humør.

– Du har gode samarbeidsevner, er sjølvstendig og er ein einar på kundebehandling.

– Stillinga passar godt som ekstrajobb for ein kunstnar, student eller skuleelev som også kan steppe inn i høgsesong og feriar ved behov.

– Du bør ha minst 2 års butikkerfaring eller relevant erfaring frå anna servicebedrift.

 

Vi tilbyr:

Ryddige arbeidsforhold og trivelege kollegaer, personalrabattar og tarifflønn.

Varierte og spennande arbeidsoppgåver i ein butikk med lange tradisjonar!

Tiltreding etter avtale!

 

Om arbeidsgivaren

Heimen Husfliden har to store avdelingar i Oslo sentrum; Arbeidergata 1 og Glasmagasinet, og vi har eit mål om å vere best på husflidssortiment med utgangspunkt i norsk og nordisk design og handverk.

Butikkane våre har eit stort og mangfaldig utval av bunader, garn og handverksprodukt.

Avdelinga i Arbeidergata 1 består av produksjonsavdeling og butikk. Begge butikkane fokuserer på bunad og bunadstilbehør, og har i tillegg eit breitt utval av vakre tekstilar, klesplagg, gåve- og bruksgjenstandar rotfesta i norsk og nordisk handverk og design. Butikken på Glasmagasinet har i tillegg eit rikt utval av strikkegarn, broderiutstyr, vev og hobbyartiklar.

Heimen Husfliden omfattar også Solhjell AS som produserer bunader og bunadstilbehør som blir selt til forhandlarar rundt om i Norge.

For meir info eller send søknad med CV til: Hege.Andresen@heimenhusfliden.no