Aksel Waldemar-bunad B95

Aksel Waldemar Johannessen teikna denne bunaden som blei ein forløpar for dei andre bunadene frå Gudbrandsdalen. Her blir forskjellige stoff og fargar kombinert i dei ulike delane av bunaden. Den rike og velkomponerte samansetjinga av fargar gjer at den får eit heilskapleg og vakkert preg.

Bestill time for måltaking

Detaljer

  • Stakk og liv

    Bunaden har blå stakk i drapé med påsydd svart brodert stakkebord nede på stakken, livet er i grønt toskafta bunadty med broderi

  • Forkle

    Svart silkeforkle med broderi

  • Skjorte

    Ein kan velje mellom tre forskjellige broderte linskjorter eller ei bomullsskjorte med nuppereller

  • Ytterplagg

    Det er utarbeidd cape til bunaden i tofarga ulldamask i blått og grønt med fôr i rutete bomullsstoff; kort trøye i svart, toskafta bomullsty eller klede kan også brukast

  • Hovudplagg

    Brodert silkelue

  • Strømper

    Svarte

  • Sko

    Svarte bunadsko

  • Sølv

    Gudbrandsdalsølv