Våre produkt

Norsk interiør

I butikken vår finn du eit stort utval av vakre bruks- og pyntegjenstandar til heimen din. Lindukar, smijarnslysestakar, tinn, rosemaling og treprodukt er berre smakebitar frå Heimen Husfliden sitt sortiment. Vi har dessutan eit godt utval av sesongvarer som varierer med års- og høgtidene. I avdelinga på GlasMagasinet får du dei ekte jærstolane frå Aksel Hansson. I begge butikkane finn du dessutan eit godt utval av reinsdyr- og saueskinn frå Granberg Garveri.

Bunadstilbehør

Med flott tilbehør til bunaden din vil du få det stasplagget du er ute etter. Vi har byens største utval av bunads- og drakttilbehør i våre to butikkar, avd GlasMagasinet og avd Rosenkrantz’ gt. Hos oss kan du kjøpe blant anna: Bunadskjorter, bunadsølv, bunadssko, knivar, strømper, hoseband, bunadsparaplyar, 17. mai-sløyfer, bunadshattar, bukseselar. Vi har også handbroderte Telemarkskjorter frå Målfrid Moen

Ullpledd

Livet ville blitt mykje kaldare utan lekre norske ullpledd. På Heimen Husfliden fører vi ullpledd frå Røros Tweed, Mandal Veveri og Lillunn med fleire – alle gode, norske produsentar. Ullpledda finst i forskjellige storleikar og mange vakre fargevariantar, både einsfarga og mønstra. Pledda frå Røros Tweed er i 100 % ull og varmar godt på kalde dagar.

– kom innom våre to flotte butikkar for å sjå det store utvalet av vakre og varme pledd.

Selbustrikk

Selbustrikk er godt kjent i hele Norge. Dei handstrikka vottane, vantane og strømpene er etterspurt av nordmenn til både eigen bruk og som gåver, særleg i samband med utanlandsbesøk. Utanlandske turister på besøk i Norge viser også stor interesse for dei handstrikka produkta.

Heimen Husfliden har eit stort utval av Selbustrikk til både dame, herre og barn i begge våre butikkar.

Norsk strikk

Norsk design inspirert av fortidas mønster og teknikkar.

Heimen Husfliden finn du klesplagg i ull, bomull og silke frå ei rekke anerkjende leverandørar som er inspirert av norsk design, kvalitet og tradisjonelle mønster, og som har ført dette fram til vår tid.
Vi har mellom anna norsk design frå TINDE og ALPACA SOCIETY, dessutan ull- og silkevarer frå OLEANA og eit rikhaldig utval i tradisjonsstrikk frå RAUMA og DALE OF NORWAY.

Tøfler

Tradisjonelle tøflar til heile familien!

Vi har filttøflar til både barn og vaksne i forskjellige fargar og modellar. Sidan tøflane er handfilta er ingen par heilt identiske. Tøflane er i 100 % ull med skinnsåle og varmar godt på kalde golv.

Garn

Heimen Husfliden har eit stort og godt utval av strikkegarn i avdelinga på GlasMagasinet. Der finn du bl. a. sortiment av strikke-/heklegarn i mange kvalitetar frå kjende leverandørar som Rauma Garn, Dale Garn, Du Store Alpakka, Sandnes Garn, Leine Merino, Lett Loopi, Solberg, Hoelfeldt-Lund og mange fleire. Vi har dessutan strikkepakkar frå Hanne Falkenberg både til vaksne og barn og eit godt utval av effektgarn og utstyr til filting og andre tradisjonelle handarbeidsteknikkar.

Du finn også eit variert utval av strikkeoppskrifter, inspirasjonsbøker, strikkepinnar, perler, knappar og mykje anna tilbehør.

Vevgarn og broderi

Heimen Husfliden har utstyr til vev i avdelinga på GlasMagasinet, der har vi også vevgarn i ull, bomull og lin. Her finn du også utstyr og garn til biletvev, og dessutan mønster og inspirasjonsbøker til forskjellige vevteknikkar, t.d. grindvev, brikkevev, biletvev og flatvev.