1912: Heimen Teiknekontor etablert

1912: Heimen Teiknekontor etablert

Aksel Waldemar og Anna Johannessen starta Heimen Teiknekontor

Historia om Heimen Husflid begynner ved starten av 1900-talet og har tilknyting til kultur- og teatermiljøet i Oslo på denne tida.

Aksel Waldemar Johanessen hadde jobba som kulissesnekkar ved Det Norske Teatret, og gjennom kontaktane sine der fekk dei oppdrag med utforming og saum av kostyme til fleire oppsetjingar ved teatret. Gjennom teatret vart dei også kjende med kunstnarparet Hulda og Arne Garborg.

På turneane fekk Hulda Garborg folk til å leite fram gamle klesdrakter som ho lånte med seg til Kristiania. Anna Johannessen teikna av dei gamle draktene, og slik vart Heimen Teiknekontor etablert i 1912. Namnet tok dei frå Hulda Garborgs faste spalte i tidsskriftet «By og bygd»: Heimen-sidene.

Hulda Garborg og ekteparet Johannessen utvikla i denne perioden fleire av dei meste kjende draktene til Heimen, mellom anna Valdresbunaden og Gudbrandsdals festbunad.

Da ekteparet Johannessen døydde unge og med kort tids mellomrom, sytte Hulda for at BUL kjøpte og overtok drifta av Heimen Teiknekontor som vi i dag kjenner som Heimen Husfliden.

For kjøpesummer på om lag kr 25 000, som på den tida tilsvarte 12-13 årslønner, overtok BUL selskapet, retten til namnet og alle originalmønstra. Samtidig trygga dette den økonomiske framtida til ekteparet Johannessen sine to døtre.