1932 – Aust-Telemarkbunad A32

1932 - Aust-Telemarkbunad A32

Aust-Telemarkbunad A32

Aust-Telemarksbunad med Lekjabord er utarbeidd av Heimen Husflid i 1932 med utgangspunkt i eit gammalt forkle og ein gammal plansje frå boka «Søm i Norske Bygder».

Livet er raudt med brunt broderi og stakken er svart eller blå med fleirfarga broderi. Under den broderte borden på stakken er det ein grøn og ein raud kant av same stoff som stakken. Veska har broderi og er i same farge som stakken. Til Aust-Telemarksbunaden kan ein bruke ei raud, brodert jakke som er grunnen til at denne bunaden ofte kallast Raudtrøyebunaden.