Akerdrakten herre

Akerdrakt for menn er utvikla av Museumshåndverkerne som held til på Veveriet på Norsk Folkemuseum i Oslo. Den blei lansert i 1999.

Akerdrakten er sydd i solid klede i 1800-talets empiresnitt; kort vest og jakke med høg krage og bukse med klaff framme og høgt liv. Dei 21 sølvknappane i jakke, vest og bukse er støypte etter ein 4-skillings mynt frå 1809 med monogram frå Fredrik den 6. som var konge av Danmark/Norge den gongen.

Bunad og bunadsområde: Akerdrakten, Oslo.

Detaljar

Jakke og bukse

Jakke og bukse er i solid klede og sydd i 1800-talets empiresnitt med kort jakke med høg krage og bukse med klaff framme og høgt liv. Snøringa med lærsnor i bukselinningen bak, gjer det mogleg å utvide litt. Dei sølvknappane i jakke og bukse er støypte etter ein 4-skillings mynt frå 1809 med monogram frå Fredrik den 6. som var konge av Danmark/Norge den gongen.

Vest

Vesten er kort og ein kan velje mellom to vestestoff med smale striper som er kopiert etter vestestoff frå gardane Grefsen og Ullevoll. Stripinga i vestestoffa skil seg frå stakkestoffa, med smalare striper.

Vesten har sølvknappar støypte etter ein 4-skillings mynt frå 1809 med monogram frå Fredrik den 6. som var konge av Danmark/Norge den gongen.

Vestestoffa er tatt frå Prøveprotokollen til Selskabet for Agger Sogns Vel frå 1808-10.

Skjorte

Skjorta er i lin og er utan broderi.

Sko

Svarte bunadsko.

Hovudplagg

Til hovudplagg kan ein velje mellom ein, for empiretida, moteriktig filthatt med høg pull eller ei raud strikkalue med flosskant.

Sølv

Akerdraktsølv. Sjå under.

Anna tilbehør

Silkeskjerf som knytast utanpå kragen.

Historie

Akerdrakt for menn er utvikla av Museumshåndverkerne som held til på Veveriet på Norsk Folkemuseum i Oslo. Den blei lansert i 1999.

Stoffa i drakta blei funne på Norsk Folkemuseum i den gamle Prøveprotokollen for Selskabet for Aker Sogns Vel frå 1808-10 av Anette Solberg Andresen og Tone Tollefsen som i 1997 utvikla drakta på Veveriet på Norsk Folkemuseum.