Hardanger Vinterbunad, dame

Dei første Vinterbunadene blei laga på midten av 1800-talet og blei brukt av vaksne kvinner.

Overdelen blei frå først av brukt som trøye/jakke, men mellom 1890-1900 endra formen seg. Snittet forandra seg og trøya/jakka blei skåren av i midja og festa til stakken.

Bunadsområde: Hardanger, Vestland, (Hordaland).

Stikkord: Damebunad, kvinnebunad, vinterbunad, bunad.

Detaljar

Kjole/stakk

Bunaden er laga i ulldrapé. Overdelen er kanta med gule/grøne band rundt handledd, ermesplitt, rundt hals og langs forkant. Overdel og stakk er sydd saman til ein kjole.

Bringeduk og belte

Det finst fleire variantar av bringeduken og beltet. Dei kan vere brodert, vevd eller perletredd.
Bringeduken blir festa til overdelen på kjolen. Beltet er brodert med ein lås i sølv som blir festa i midja, breidda på beltet er ca 6 cm.

Skjorte

Halvskjorte i lin som er brodert med svartsaum.​

Strømper

Svarte.

Sko

Svarte bunadsko.

Sølv

Det er vanleg med ei lita sølje eller ei dobbel halssølje og ei skålsølje i bringa. Spenner, maljer kjem i tillegg. Mange brukar det same forgylte sølvet som dei har til festbunaden, men oksidert sølv er også mykje brukt. Kniv, klokke med kjede og stabbursnøklar er flott tilbehør.