Ytre Nordhordland herrebunad

Nordhordland-bunaden har røter til første delen av 1800-talet. Jakka har utgangspunkt frå den gamalnorske kofta. På slutten av 1860-åra blei bunaden lagt bort, men i 1920-åra vart den teken fram igjen, og endra til slik den ser ut i dag. Buksa er det ikkje skrive så mykje om, men på 1800-talet var det vanleg å ha kort lukebukse.

Bunadsområde:
Ytre Nordhordland (Hordaland)

Detaljar

Jakke og bukse

Open, kort jakke med slag og ståkrage i svart klede. Jakka er kanta med grøne ullband rundt krage, slag og framkant, og på lommeklaff. Ein kan velje knebukse eller lang bukse med lukeopning i svart ullklede.

Vest

Dobbeltspent vest med ståkrage i raudt klede med dobbel innfelling av grønt ullklede i front. Ryggen er i ubleikt bomullslerret. Vesten er kanta med grøne ullband på krage, i framkant og nede på vesten der det er raudt ullklede. Den er kanta med raude ullband på den grøne innfellinga.

Skjorte

Brodert kvit skjorte i bomull med broderi i lin, eller kvit skjorte i bomull eller lin utan broderi.

Strømper

Kvite ullstrømper til knebuksa.

Sko

Svarte bunadsko.

Sølv

Tinn- eller sølvknappar til jakke og bukse, samt bunadsølv frå området.

Anna tilbehør

Hatt og hoseband til knebuksa.

Tilbehør

125100 – Halssølje med rosett, oksidert
468100 – Halssølje, oksidert
880100 – Halssølje, oksidert
086100 – Knapp 16 mm, oksidert
087100 – Knapp 19 mm, oksidert
087131 – Knapp til kniv 19 mm, oksidert
643113 – Knapp 15 mm med botn og lang hempe, oksidert
644113 – Knapp 17 mm med botn og lang hempe, oksidert
646100 – Knapp 15 mm, oksidert
647100 – Knapp 17 mm, oksidert
647131 – Knapp til kniv, oksidert
074100 – Mansjettknappar, oksidert
076100 – Mansjettknappar med botn, oksidert
755100 – Mansjettknappar med botn, oksidert
762100 – Mansjettknappar, oksidert
033100 – Kne- og vestspenne, oksidert
335100 – Klokkekjede, oksidert
341100 – Klokkekjede, oksidert
Privat: 391000 – Lommeur herre, krom
Privat: 393000 – Lommeur, sølv
026100 – Skospenne, oksidert
360100 – Bunadskniv Ola
558100 – Bunadskniv «Vangsguten»