Gudbrandsdalen B95 - Aksel Waldemar damebunad

Aksel Waldemar damebunad har blå stakk i drapé med påsydd svart brodert stakkebord nede på stakken. Livet er i grønt toskafta bunadty med broderi.

Det var Aksel Waldemar Johannessen som teikna broderimotivet til denne bunaden etter ein gamal blå stakk på Norsk Folkemuseum. Aksel Waldemar Johannessen teikna også ut eit rikt broderimønster til liv, lue og forkle etter den gamle blå stakken.

Bunadsområde: Gudbrandsdalen (Oppland).

Stikkord: Damebunad, kvinnebunad.

Detaljar

Stakk og liv

Bunaden har blå stakk i drapé med påsydd svart brodert stakkebord nede på stakken, livet er i grønt toskafta bunadty med broderi.

Forkle

Svart silkeforkle med broderi.

Skjorte

Ein kan velje mellom tre forskjellige broderte linskjorter eller ei bomullsskjorte med nuppereller

Ytterplagg

Det er utarbeidd cape til bunaden i tofarga ulldamask i blått og grønt med fôr i rutete bomullsstoff; kort trøye i svart, toskafta bomullsty eller klede kan også brukast

Hovudplagg

Brodert silkelue

Strømper

Svarte

Sko

Svarte bunadsko

Sølv

Gudbrandsdalsølv (sjå under).

Historie

Aksel Waldemar-bunaden vart utarbeidd medan Anna Johannessen var eigar av forretninga som vart Heimen sin eigedom når BUL kjøpte forretninga i 1923. Aksel Waldemar Johannessen teikna broderimotivet til denne bunaden etter ein gamal blå stakk på Norsk Folkemuseum. Dei fann ikkje noko liv som passa til bunaden, men Aksel Waldemar Johannessen teikna ut eit rikt broderimønster både til stakk, liv, lue og forkle etter den gamle blå stakken. Bunaden fekk blå stakk med svart brodert stakkebord, grønt liv med broderi, svart silkeforkle og lue med broderi. Det vart teikna berre 5-6 bunader av denne typen i 1922-23.

Aksel Waldemar-bunaden blei ein forløpar for dei andre bunadene frå Gudbrandsdalen.

Bunaden vart utarbeidd på nytt av Heimen i 1995, kopiert etter bunaden til Tora Kleiven som kjøpte bunad av den første serien (1922).

Den aller første Aksel Waldemar-bunaden ble gitt i gåve til Heimen Husfliden frå Håkon Mehren i desember 2014.