Stoffkvalitetar i bunadene

Stoffkvalitetar i bunadene

Heimen Husfliden bruker ei rekkje ulike stoffkvalitetar i bunadene. Mange av dei er norskproduserte, men nokre er importert frå fleire stader omkring i verda. Det som blir importert er stort sett produsert av materialar som ikkje finst i Noreg, som silke, dette er materialar og kvalitetar som alltid har vore importvare.

 

Vår største ullstoff leverandør er Gudbrandsdalens Uldvarefabrik har en unik produksjonslinje med alle prosesser under samme tak. Fabrikken har produsert ulltekstiler på Lillehammer i Norge siden 1887. Dei har sertifiseringer som ISO 14001 – Miljøledelse, ISO 9001 – Kvalitetsledelse og EU Ecolabel.

Toskaft – bunadty

Stoffet har fin spenst, glans og enkelt å vedlikehalde.

Toskaft er den enklaste forma for veveteknikk, der stoffet blir likt på begge sider. Her hos oss kallar vi toskaften for bunadty.

Den blir brukt i stakkar, liv og forkle.

Stoffet er i 100 % ull, ofte spælsau eller spælsau blanda med anna ull.

Vadmel

Vadmel er eit tykt, varmt og slitesterk stoff.

Vadmel er tjukkare enn klede, men blir valka på same måte for å få den tjukke og tette kvaliteten.

Vadmel blir primært brukt til herrebunadene og stoffet er 100% ull.

Klede

Klede er eit mjuk, tovet stoff med fin glans.

Stoffet er valka, det vil seie at ein tovar det etter veving, noko som gjer det mjukare enn uvalka stoff. Klede blir brukt til stakkar, liv og forkle. Til herrebunader bruker vi et tjukkare klede.

Stoffet er i 100 % ull, ofte med mykje merinoull som er ein finare ulltype.

Drapé

Drapé er eit satengvevd ullstoff som ofte blir kalla smokingstoff.

Dette har også ei glatt og blank framside med ei matt bakside.

Drapéen vi bruker er tjukkare enn Biba, og den blir primært brukt til stakkar.

Damask

Damask er eit vakkert mønstra stoff som er einsfarga eller fleirfarga med god draperingsevne.

Fleirfarga damask er som regel einsfarga i botnen med fleirfarga mønster vevd inn.

Vi bruker damask i ull, silke, kunstfiber av ulike slag og ull blanda med andre naturmateriale.

Ulldamask blir brukt til stakkar og liv og silke eller kunstfiber damask blir brukt til liv.

Brokade

Ein brokade er ein eigen type damask. Brokade blir skilt frå annan damask ved at det er vevd inn metalltrådar.

Bruksområdet er det same som silkedamask. Stoffet er i bomull eller kunstfiber med metalltrådar.

Jacquard

Eit jacquardstoff er ei form for damask, men ein brukar eit holkort for å lage mønsteret. Dette holkortet gjorde det i si tid mogleg å veve damask maskinelt.

Namnet har denne teknikken fått etter opphavsmannen Joseph Marie Jacquard.

Musselin/Ullmusselin

Eit musselinstoff er tynt og halvt gjennomsiktig, opphavleg frå Mosul i dagens Irak. Det blir som regel vove i toskaft med veldig tynt garn for at det skal bli gjennomsiktig. Musselin var opphavleg i bomull, men har også vore produsert i andre kvalitetar. Den musselinen vi brukar er i ull med påtrykt mønster.

Mesteparten av vårt stoffutval kan kjøpast i metervare over disk eller i postoppkrav, både med og utan mønster. Vi har mønster til ei rekkje bunader både til barn og vaksne, mellom anna Halling-helgestakk, Hardanger og Råndastakk og rutaliv.

Vi hjelper deg gjerne med ditt bunadprosjekt!

Kontakt oss gjerne

Kontakt oss for meir informasjon