1922: Heimen og Hulda Garborg

1922: Heimen og Hulda Garborg

Heimen og Hulda Garborg

Hulda Garborg (1862-1934) var ei sterk og sjølvstendig kvinne med eit vidt interessefelt. Ho var svært aktiv i kultur- og teatermiljøet i Oslo, og det var gjennom teatret ho vart kjend med ekteparet Aksel Waldemar og Anna Johannessen.

I starten av hundreåret reiste Hulda Garborg landet rundt og fekk folk til å leite fram gamle klesdrakter som ho lånte med seg til Kristiania. Anna Johannessen teikna av dei gamle draktene og nye festdrakter blei til. Slik vart Heimen Teiknekontor etablert i 1912. Namnet tok dei frå Hulda Garborgs faste spalte i tidsskriftet «By og bygd»: Heimen-sidene.

Hulda Garborg og ekteparet Johannessen utvikla i denne perioden fleire av dei meste kjende draktene til Heimen, mellom anna Valdresbunaden og Gudbrandsdals festbunader.

Tidleg på 1920-talet vart både Anna og Aksel Waldemar råka av alvorleg sjukdom. Aksel Waldemar døydde i 1922 og Anna berre nokre månader seinare. Før ho døydde fekk Anna, med hjelp frå Hulda Garborg, selt Heimen Teiknekontor til Bondeungdomslaget i Oslo (BUL). Dei overtok drifta, og det er dette teiknekontoret vi i dag kjenner som Heimen Husfliden.

I 1901 fekk ho sydd si første drakt basert på folkedrakter frå Hallingdal.

Sjå Heimen Husflidens Hulda bunader:

Hallingdal C4 1994

Hallingdal C5 2000